Eksplosjonar kjem av ein kjemisk reaksjon. Stoff som kan føre til store eksplosjonar blir kalla for sprengstoff. Nokre sprengstoff er ustabile. Då skal det lite til før det skjer ein eksplosjon.
Dei fleste sprengstoff treng noko som set i gang reaksjonen. Ein kubbe med dynamitt som får liggje i fred, kan liggje lenge. Viss nokon tenner på han, eller er uforsiktig, kan han eksplodere. Av og til er det andre kjemiske stoff som kan setje i gang ein reaksjon, andre gonger er det rørsle, eller ein liten flamme.
I ein eksplosjon skjer den kjemiske reaksjonen på ein måte som lagar eit trykk på alt rundt. Dette trykket bevegar seg som ei bølgje frå eksplosjonen. Viss trykkbølgja går saktare enn lyden, blir eksplosjonen kalla deflagrasjon. Viss trykkbølgja går raskare enn lyden, blir eksplosjonen kalla detonasjon.
I tillegg til trykkbølgja, lagar den kjemiske reaksjonen gass. Fordi gassen er varm, vil han også skape eit trykk utover.
Trykket frå trykkbølgjene, energien og trykket frå gassen har nok kraft til å kunne sprengje sundt fjell.