Navigasjon er å bruke kart og andre verktøy for å finne vegen frå éin stad til ein annan. Å navigere er òg det å planleggje ei reise og gjennomføre ho. Det kan vere å finne vegen over hav, over land, gjennom lufta og i verdsrommet.

navigasjon

Den vanlegaste måten å bruke GPS på er med ein kart-app på ein telefon
Verktøy

Det viktigaste med navigasjon er å finne ut kor ein er, og korleis ein kan kome seg dit ein vil. For eksempel kan navigasjon vere å finne vegen frå huset sitt til ein butikk, eller frå éin by til ein annan. Det kan òg vere meir komplisert, som å finne vegen frå Jorda til ein romstasjon i verdsrommet.
Ein kan bruke GPS eller ein mobilapp når ein navigerer. Desse verktøya bruker informasjon frå satellittar i verdsrommet for å vise kvar ein er og korleis ein kan kome seg dit ein vil.
Ein kan òg navigere med kart og kompass. Kompasset bruker ein til å finne ut kva retning ein skal gå for å kome dit ein skal. Før kompasset var oppfunne, brukte ein retninga til sola, månen og stjernene for å navigere. Faste haldepunkt som bygningar og fjell kan ein òg bruke for å finne vegen.
Historie
For folk på skip har navigasjon vore viktig i tusenvis av år. Før oppfinningar som kompass og satellittar, brukte dei hovudsakleg stjernene om natta for å finne ut kva retning dei skulle fare. Særleg Polarstjerna på den nordlige halvkula var viktig. På den sørlege halvkula, der ein ikkje såg Polstjerna, var det vanleg å nytte stjernebiletet Sørkrossen.
Dei kunne òg bruke sola om dagen, og sjå kvar ho stod i forhold til horisonten, for å bestemme retninga.
På 1400-talet vart kompasset utvikla. Oppdagarar som Kristoffer Columbus var mellom dei første som brukte kompass til å navigere over dei store verdshava.
På skip bruker ein satellittar for å vite nøyaktig kvar ein er. Radar blir òg brukt i navigasjonen. I mange tilfelle navigerer ein ved hjelp av autopilot, eit system som gjer alle utrekningane sjølv og styrer dit ein skal.