Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Kar over verdshav og verdsdelar
Kart over verda, med sju verdsdeler og fem verdshav. Verdshava er Nordishavet, Stillehavet, Atlanterhavet, Indiahavet og Sørishavet. Verdsdelane er Oseania, Nord-Amerika, Sør-Amerika, Afrika, Europa, Asia og Antarktis. Av og til slår ein saman Nord- og Sør-Amerika, til Amerika. Når Europa og Asia blir slått saman på same måte, heiter det Eurasia.
Kar over verdshav og verdsdelar
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kart er eit bilete eller ei teikning av eit område, for eksempel land og byar.

Eit kart gjev oversikt over eit område, og kan brukast til å planleggje korleis ein skal finne fram. Kart kan òg vise korleis jordoverflata og landskapet er på ulike stader. Det finst mange ulike typar kart.

Eit bilete av verda

Foto av ei hand som held ein mobiltelefon med eit kart på. Kartet viser korleis ein person skal gå frå eit punkt til eit anna.

Kart-appar på mobilen bruker GPS for å vise den som bruker appen hvor hen er på eit kart.

GPS-kart på telefon
Av /Shutterstock.

Kart er eit bilete av eit område. Ein kan bruke kart til å sjå kvar verdsdelar, land, byar, hav og fjell ligg. Kart viser som regel bakken ovanfrå, som om ein ser jorda frå eit fly. Kartet viser kor langt frå kvarandre stader er.

Kart er laga med ein målestokk. Det betyr at kartet viser avstandane slik dei er, men forminska. Ein målestokk på 1:10 000 betyr at ein centimeter på kartet er ti tusen centimeter (100 meter) i den verkelege verda.

Eit kart kan òg vise korleis overflata av Jorda er. For eksempel kan eit kart vise om eit område er dekt av ørken, skog eller fjell. Kart kan òg vise om det er mange eller få som bur i ein by.

Digitale kart er gode å bruke når ein skal finne fram. Ofte kan dei hjelpe til med å finne ut korleis ein kan komme frå éin stad til ein annan. Dei kan vise kor lang tid det tek på ulike måtar, for eksempel til fots eller med offentleg transport.

Ulike typar kart

Foto
Når ein skal finne fram på eit kart av papir er eit kompass er til god hjelp. Ein brukar kompasset til å finne ut kva vei kartet skal liggje. Det er vanleg å bruke kompass i orientering.
Kart og kompass
Av /Shutterstock.

Det finst mange ulike typar kart. Nokre kart viser for eksempel landegrenser og byar.

Ikkje alle kart viser stader på jorda. Det finst for eksempel stjernekart som viser korleis stjerner, planetar og galaksar er plasserte i verdsrommet.

Dette er nokre vanlege typar kart:

  • Vegkart viser vegar og gater. Digitale vegkart kan ofte hjelpe til med å finne vegen frå ein stad til ein annan. Dei blir ofte brukt i bilar, saman med GPS.
  • Topografiske kart viser terrenget, for eksempel kor høge fjell er, eller kvar elvar, skogar og innsjøar ligg. Topografiske kart blir brukt, når ein går tur i skogen eller på fjellet.
  • Satellittkart er kart som viser bilete av jorda tatt av satellittar frå verdsrommet. Dei kan vise korleis landskapet på jorda ser ut frå verdsrommet.
  • Sjøkart viser ulike djupner i havet. I tillegg er det merkt av fyr, høgd under bruer, landemerke og andre ting som ein treng å vite, for å navigere på sjøen.
  • Tematiske kart er kart som viser spesielle tema, for eksempel befolking, klima eller fare for jordskjelv, i eit visst område.
  • Historiske kart er kart som viser korleis ein stad såg ut i fortida. Dei kan ein bruke, når ein skal finne ut korleis byar, landegrenser eller isbrear har endra seg over tid.
  • Fiktive kart er oppdikta kart. Eksempel på dette er kart som viser stader i Harry Potter si verd. Det kan òg vere kart over oppdikta stader i andre romanar, spel eller filmar.

Historie

Kart frå 1500-tallet med fantasidyr

Del av kart over Nordsjøen frå 1572 med fantasidyr.

Kart frå 1500-tallet med fantasidyr
Av /Shutterstock.

Menneske har teikna kart i fleire tusen år. Dei første karta blei teikna rundt 300–100 år før vår tidsrekning. Då trykking blei vanleg i Europa frå 1450-åra, kunne ein lage kart i mange eksemplar. I løpet av renessansen blei teikning av kart eit fag og eit yrke.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Norvald Kjerstad
Dosent, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet