Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Maleri av en stor mørk sal stappfull av folk. På et platå midt i står en mann som holder en bok i den ene hånden og har den andre armen hevet. Rundt ham i salen står flere andre menn som også løfter den ene armen.

Ein kunstnar har måla korleis det kan ha sett ut, då representantar frå folket erklærte seg som Frankrike si nasjonalforsamling, under den franske revolusjonen i 1789.

Måleriet «Ballhuseiden»
Av .

Revolusjon er ei rask og stor endring av eit system, for eksempel styreforma i eit land. Ordet revolusjon blir mest brukt om politiske og sosiale endringar i eit samfunn.

Andre eksempel på revolusjonar kan være økonomiske endringar, endringar innanfor ein type teknologi eller ein type forsking.

Politiske revolusjonar

Somme av dei viktigaste politiske revolusjonane i historia er den franske revolusjonen, som starta i 1789, og den russiske revolusjonen i 1917.

Under den franske revolusjonen gjorde folket opprør mot kongen og adelen i Frankrike. Mange av idéane som var viktige for opprøret har seinare vore til inspirasjon for demokratisk utvikling i andre land. Den franske revolusjonen var svært valdeleg, og blei prega av at han etter kvart førte til mange krigar i Europa.

Den russiske revolusjonen førte til at Sovjetunionen blei oppretta. Idéane som var viktige der blei inspirasjon for arbeidarrørsler og sosialistiske rørsler over heile verda.

Den industrielle revolusjonen

Den industrielle revolusjonen frå sist på 1700-talet er eit eksempel på ei rask og omfattande endring av industri og teknologi. Denne revolusjonen skjedde først i Europa.

Ny vitskap og teknologi gjorde det mogleg å produsere og transportere varer raskare, og i større mengder, enn før. Fleire folk flytta til storbyane for å jobbe i industrien, og jernbaner og dampskip gjorde det mogleg å drive meir internasjonal handel.

Den industrielle revolusjonen førte til mange endringar i samfunnet. For eksempel kunne ein kjøpe klede som var laga på fabrikk i staden for heime. Då kunne folk bruke tida si på andre ting enn å for eksempel strikke og sy. Det var med på å endre heile samfunnet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Nils Ivar Agøy
Professor i historie, Universitetet i Sørøst-Norge