slimhinne

Innsida av munnen, tunga og tannkjøttet er dekt av slimhinne. Slimhinna er fuktig. Leppene og resten av ansiktet er dekt av hud.
Oppbygging
Slimhinna består av eitt eller fleire lag med celler over eit lag med tøyeleg bindevev. Nokre av cellene lagar slim. Slimet smør hinna og gjer ho fuktig og glatt.
Nokre slimhinner har celler med små hår som kan «børste» slimet i ei bestemd retning. I luftvegane gjer dei at slimlaget blir børsta i retning av svelget, så ein kan svelgje slimet eller hoste det ut.
Oppgåver

Biletet viser flimmerhår på overflata av ei slimhinne i luftvegane. Biletet er teke med eit spesielt mikroskop og flimmerhåra er farga rosa. Flimmerhåra ser ut som små bølgjande trådar. Flimmerhåra kan fange opp støv, virus og bakteriar. Med bølgjande rørsler blir desse børsta oppover mot svelget, så dei kan hostast ut eller svelgjast.
Slimet kan fange opp bitte små ting som støv, bakteriar og virus, og hindre dei i å kome lenger inn i kroppen.
Mange slimhinner inneheld celler frå immunforsvaret, som kjemper mot infeksjonar. Dette gjeld særleg slimhinnene i luftvegane og tarmane, der det ofte kan kome virus og bakteriar frå luft og mat.
Sidan slimhinner er fuktige og glatte, kan dei gli mot kvarandre. Det gjer at dei toler strekk, trykk og slit. Slimhinnene i spiserøyret må for eksempel tole at mat flyttar seg frå svelget ned til magesekken, etter at maten er tygd i munnen.
Celler som blir slite av, blir erstatta av nye celler ganske raskt. I tarmen tek det omtrent 3–4 dagar å lage nye celler.