Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Teikning av ei plante som synes at vatn blir frakta opp i planta gjennom. Teikninga syner også at planta tar opp karbondioksid og slepp ut oksygen, samstundes som ho får energi frå sola.

Stengelen leiar vatn frå røtene og ut til blada.

Ein plante består av ulike delar
Av /BioRender.

Ein stengel er ein del av planter. Stengelen leier vatn frå røtene og ut til blada. Stengelen sørgjer òg for at blad, blomar og frukt kjem opp frå bakken.

Vanlegvis finst heile stengelen til planta over bakken, men det finst òg underjordiske stenglar. Stengelen kan vera saftig og mjuk, som på løvetann. Stengelen kan òg vere hard og tjukk med bark på, slik som på tre. Slike harde stenglar blir kalla stammar.

Funksjon

Stengelen si viktigaste oppgåve er å leie vatn og næringsstoff. Inni stengelen er det i dei fleste planter tynne røyr, som går gjennom heile stengelen. Desse blir kalla leiingsstrengar. Gjennom dei blir vatn og næringsstoff frakta frå røtene og opp til dei delane av planta der fotosyntesen skjer. Mosar har ikkje leiingstrengar.

Utvikling

stenglar med litt jord og nye planter
Skvallerkål er ei plante som kan ha lange jordstenglar. Frå jordstenglane kjem det opp nye planter. Skvallerkål kan spreie seg utover, nesten som eit teppe.
Foto av jordstenglar frå skvallerkål.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Stenglar veks meir i lengda enn i breidda, og strekkjer seg oppover. Nokre planter har stenglar som berre veks i toppen. Andre planter kan vekse fleire stadar samstundes. Stengelen til gras har nokre fortjukkingar som blir kalla leddknutar. Stengelen veks berre over desse. Dette gjer at dei kan vekse ut att, om dei blir beita, eller om graset blir klipt, så lenge det skjer over leddknuten.

I planter med vedaktig stamme, blir det danna ny ved kvart år. Desse blir kalla årringar. Når eit tre blir hogge, kan ein sjå desse, som ringar som ligg inni kvarandre.

Underjordiske stenglar

tett i tett med trestammer
Bjørk er eit tre som er lett å kjenne att på dei kvite stammene. Trestammene er stengelen til treet.
Foto av bjørkestammer
Av /Unsplash.

Hos nokre planter blir det danna underjordiske stenglar, kalla jordstenglar. Nokre av desse kan slå rot og sende opp nye stenglar. Dette er ein viktig måte å formeire seg på hos planter. Kvitveis har slike jordstenglar, og dei nye skota frå stengelen er grunnen til at planta ofte finst i store matter.

Fleire planter som ein ser på som ugras har underjordiske stenglar. Desse gjer at ei plante rakst kan dekkje store område. Skvallerkål er eit eksempel på ei slik plante.

Bruk

Nokre planter blir dyrka på grunn av stenglane. Rabarbra og selleri er stenglar som blir nytta til mat. Ulike tre blir dyrka for stammene, som blir brukte til mellom anna trelast, ved og papir.

Lange fiber frå plantestenglar kan brukast til å lage tekstilar og tau. Lin, hamp og jute blir dyrka for dette.

Nokre planter har godt utvikla underjordiske stenglar, som ein kan bruke til mat. Potet og lauk er eksempel på dette.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Vik
Førsteamanuensis, OsloMet – storbyuniversitetet