Ugras er planter som veks stader menneske ikkje vil at dei skal vekse. Det finst mange planter i naturen som også kan vekse i hagar og i åker. Når dei veks i naturen blir plantene ikkje sett på som ugras. Men når dei veks i ein åker eller i ein plen der dei ikkje er ynskja, blir dei kalla ugras.
ugras

Bekjemping
Det finst fleire måtar å bli kvitt ugras. Ein bonde kan gjere jorda si veldig god for plantene hen vil dyrke og mindre god for ugras. Hen kan sprøyte på kjemikalier som dreper ugras. I hagar er det vanleg å plukke bort ugras med hendene eller ein spade. Dette blir kalla luking.
Eksempel på ugras
Løvetann er ei plante som kan vekse i hagar, i eng og i beiter. Fordi ho ikkje alltid er ynskja i desse miljøa, vert ho sett på som ugras her. Løvetann har ei stor rot som gjer at planta er vanskeleg å bli kvitt. I tillegg lagar ho mange frø som kan bli til mange nye planter. Dette er typisk for mange av plantene som vert sett på som ugras.
Andre artar, som for eksempel skvallerkål, formeirer seg utan frø, men lager raskt nye planter ved å spreie seg med stenglar under jorda.