Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Tortur er å mishandle nokon (for eksempel ein fange) med vilje. Dei som utøver tortur er ofte personar med makt i ein stat. Det kan vere politi, rettsvesen eller folk frå militæret. Tortur skjer oftast i land med svakt utvikla demokrati, men kan også skje i demokratiske land.

Éin som blir torturert, kan for eksempel bli slegen, bunden fast eller tvinga til å vere vaken mange døgn på rad. Den som blir torturert, blir kalla offer.

Tortur skjer oftare på stader som er skjulte for media og befolkninga, som militære fangeleirar eller inne i fengsel.

Mål

Målet med tortur kan vere å få fangar til å stadfeste informasjon, eller gje ny informasjon. Eit anna mål kan vere å bryte ned fangen psykisk. Tortur kan også vere rein straff.

Informasjon frå tortur

Forskarar har funne ut at tortur er ein dårleg måte å skaffe informasjon på. Det er fordi offeret kan finne på å seie kva som helst, for å sleppe unna meir tortur. Offeret vil då seie det dei trur den som driv med torturen helst vil høyre, ikkje det som er sant.

Konsekvensar

Folk som har blitt utsette for tortur har ofte traume og langvarige skadar frå det. Skadane kan vere både fysiske, som smerter, og psykiske, som angst og depresjon.

Det å utøve tortur kan også gjere psykisk skade på den som torturerer. Men dei som utøver tortur trur ofte at dei gjer det for ei god sak.

Tortur er ulovleg

Dei fleste landa som er medlemmer i FN har skrive under på ein avtale om at ingen skal bli torturert og at alle fangar skal behandlast med respekt. Dette gjeld både fangar i fengsel eller fangeleir, og krigsfangar. Avtalen heiter torturkonvensjonen.

Fangar er også menneske, og alle menneske har verdi. Det er grunnlaget for menneskerettane. Å mishandle eit menneske som er fanga, er eit brot på menneskerettane og avtalen med FN.

Tortur er ulovleg, og land som bryt avtalen kan få straff.

Førebygging

Sjølv om tortur er forbode, skjer det fleire stader. Organisasjonen Amnesty arbeider mellom anna med å avsløre tortur. Amnesty har funne ut at det har vore tortur i minst 140 land sidan 1997.

For å hindre tortur, er det viktig at det blir avslørt. Det hjelper å ha fri presse og ytringsfridom, altså at journalistar kan skrive om ting dei får vite, utan å frykte straff. Då kan dei avsløre tortur. I land med sensur, er det nesten umogleg å avsløre tortur slik.

Organisasjonar som jobbar med menneskerettar, som for eksempel Amnesty, er også viktige, for å avsløre slike overgrep.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Kjetil Mujezinović Larsen
Professor, Universitetet i Oslo