Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Også kjend som

utviklingshjelp, u-hjelp

Utviklingsbistand handlar om å jobbe saman med andre land, og dei som bur der, for å få slutt på fattigdom. Bistand tyder hjelp, og utviklingsbistand tyder hjelp til utvikling. Denne forma for hjelp er internasjonal, og blir gjeve frå land til land.

Nokre land treng ekstra støtte og hjelp til å utvikle seg. Dei blir av og til kalla utviklingsland. Dei kan få hjelp i form av pengar, ekspertar eller ting dei treng.

Når eit land for eksempel skal byggje vegar, kan det få hjelp med både pengar og ekspertar. Eller det kan få pengar til å bygge sjukehus, og hjelp til å utdanne legar og sjukepleiarar til å arbeide der.

Alle land i FN skal samarbeide, så alle får oppfylt menneskerettane sine, og at ein passer på klima og miljø på ein god måte. Ein skal òg jobbe for betre økonomi i landet og blant folk som bur der. Då blir det mindre fattigdom. Avtalen om dette heiter berekraftsmåla.

Noreg gjev kvart år pengar til utviklingsbistand i statsbudsjettet. Nokre av desse pengane går internasjonale organisasjonar slik at dei kan gje utviklingsbistand, og hjelpeorganisasjonar som gjev nødhjelp til menneske som treng det.

Andre ord for utviklingsbistand er utviklingshjelp og u-hjelp.

Les mer i Lille norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge