Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Kristofer Uppdal
Kristofer Oliver Uppdal
Fødd
19. februar 1878, garden Oppdal i Beitstad (no Steinkjer), Nord-Trøndelag
Død
26. desember 1961, Oppdal, Sør-Trøndelag
Verke
Forfattar
Familie
Foreldre: Gardbrukar, seinare vognmann og hestehandlar Sivert Jakobsen Opdahl (1845–etter 1938) og Anna Petrine Paulsdotter Landsem (1856–85). Gift 13.1.1913 med sjukepleiar, seinare forfattar Bergljot Isabella Magnussen (5.12.1889–22.6.1936), dotter til kjøpmann Johan Magnussen (1846–93) og Berthe Olsen (f. 1861). Han skreiv namnet Uppdal frå 1905.
Kristofer Uppdal
Kristofer Uppdal
Av /NTB Scanpix ※.

Kristofer Uppdal har skrive det største romanverket i norsk litteratur, Dansen gjenom skuggeheimen, som kom ut 1911–24. Med dette verket og poetisk-lyriske dikt frå åra 1918–20 er Uppdal ein språkleg og litterær nyskapar som fører modernismen inn i norsk litteratur. Saman med Duun nya han opp det nynorske skriftmålet og skreiv romanar og dikt i eit moderne litteraturspråk.

Kristofer var eldst av dei fire borna til Sivert Opdahl i fyrste ekteskapet, 10 kom til i det andre. Faren selde garden 1882, kjøpte hus på Steinkjer og dreiv som vognmann og hestehandlar. Mora døydde 1885, faren gifte seg opp att, og 10 år gamal måtte Kristofer på bygda og tena til livsopphald som gjetar.

Seinare var han onnekar, køyrekar, tømmerhoggar og teglverksarbeidar, gruvearbeidar og vegarbeidar. To vintrar, 1897–99, gjekk han på Namdal folkehøgskule. Innimellom dreiv han bladskriving i lokalavisa Mjølner, og han tok til å skriva forteljingar og dikt. 1899–1910 var han anleggsarbeidar. Han skreiv heile tida på brakka, seine kveldar og netter etter 10 timars tungarbeid med feisel og bor, hjulbår og vagg.

Arbeidar var Uppdal fullt ut. Han fagorganiserte seg i Norsk Arbeidsmandsforbund, gjekk i brodden for organisasjonen, var tillitsvald på arbeidsplassane, formann i tunnelarbeidarforeininga på Rjukan, utsending på forbundslandsmøte og sekretær på kongressen til Landsorganisasjonen 1910.

Uppdal var på Askov Højskole i Danmark vinteren 1900–01; mest nytte hadde han av biblioteket, sa han. Vinteren etter var han i Kristiania og sat på Deichmanske bibliotek og Universitetsbiblioteket, der han studerte litteratur, filosofi og religionshistorie.

Vinteren 1910–11 budde Uppdal i Kristiania som forfattar på heiltid. “Stipend” til dette skal han ha fått av ein arbeidskamerat. Det året skreiv han fyrste romanen, Dansen gjenom skuggeheimen, som kom ut 1911 og seinare blei tittelroman for syklusen. Han skreiv snart to romanar til, Trolldom i lufta og Røysingfolke, og diktsamlinga Snørim. Før hadde han gitt ut fleire diktsamlingar og forteljingane Ved Akerselva. Både romanane og Snørim fekk svært gode omtalar; dette var noko kritikken ikkje hadde sett før.

Uppdal fekk stipend og kunne reisa utanlands. Han budde med kona i Tyskland 1913–14. Snart kom reisebrev, etter kvart to bøker med essayistikk. Ei tid vikarierte han som redaktør i For Bygd og By, og 1917–25 var han litteraturkritikar i Den 17de Mai. Frå 1918 blir forfattarskapen annleis, utanlandsferder og meir studium har gjort sitt til det. På seks–7 år skriv Uppdal romansyklusen i 10 band, 7 nye og dei tre frå tidlegare heilt omskrivne. Alle diktsamlingane frå før 1918 blir omarbeidde og kjem saman med nyskrivne dikt i to store bøker, Elskhug og Altarelden.

Etter dette storarbeidet kom samanbrotet. To små born døydde, kona kom på sinnssjukehus 1923. Tre år etter kom Uppdal sjølv på ein psykiatrisk privatklinikk, året etter til Gaustad sinnssjukehus og var der i vel to år. Han tok så til å skriva att – Oskar Braaten og Olav Dalgard hjelpte til så han kom ut. Med stipend kom han utanlands, fekk Statens diktarløn frå 1939 – framlegg om diktarløn hadde stortingsfleirtalet røysta ned, fyrste gongen 1923. 1936 flytte Uppdal frå Oslo. Han budde i Folldal til 1947 så i Oppdal, der han døydde 2. juledag 1961 av hjernebløding.

Ein tredje fase i forfattarskapen tok til 1930 med Galgberget og Hagamannen (1939), dei to fyrste delane i eit religionsfenomenologisk-poetisk verk, utvida og omskrive til trøndermål i Kulten 1947. Eit anna verk i stort format, Æve-lengdn. Menneskjet og guden, er ikkje utgjeve. 1963 kom Hestane mine, ei samling etterlatne dikt.

Språkleg og litterært fell forfattarskapen i skilde fasar. I dei fyrste samlingane er dikta dialektfarga, visene på reint trøndermål. Den sentrale forfattarskapen frå 1918 er på normalnynorsk. Ordvalet i romanane er moderne, syntaksen munnleg og stilen fyndig.

I artiklar gjorde Uppdal seg til talsmann for “høgnorsk”, som ikkje skulle vera høgstil eller ei særskild rettskriving, men sams skriftform og avvising av idear som kom opp om ulike landsdelsnormalar. Kulten-diktinga frå 1940-åra har eit anna, særlaga skriftmål, med folkelege, dels gamalvorne ord og uttrykk; 1947-utgåva er i gjennomførd inntrøndsk dialekt. Romanane hadde Uppdal utvida og skrive om til trønderfarga mål; to av dei kom ut 1953. Alle utgåver seinare fylgjer dei normalspråklege utgåvene frå 1919–24.

Alt frå starten hadde Uppdal eit anna litterært uttrykk enn det som var vanleg i samtida, meir merkt av fysisk sansing, kropp og kjønn. Sjela er med, utan tidstypiske omskrivingar til det abstrakt åndelege. Romanane fekk glimrande kritikkar, men ein og annan meldar fann målet “meiningslaust raatt”.

Fysisk natur og liv merkjer alt Uppdal skreiv, men òg studia av klassisk og nyare filosofi og litteratur set spor i eit fortetta litterært språk. Strenge klassiske diktformer er ladde med fargesterke bilete med vitalistisk dynamisme. Dels i slike strenge, dels i frie former har dei særmerkte Uppdal-dikta, som Isberget og Skriket, ekspresjonistiske bilete av krefter i menneske og natur som ikkje kan stoggast. Dette språket gjev romanane eit stort og smidig register av uttrykk for sosiale og sjelelege motsetningar. Handlingsromet er vidt, og kvar av romanane dreg på ny opp grensene for den nye arbeidarklassen.

Ulikt tilsvarande romanverk i europeisk modernisme handlar ikkje Dansen gjenom skuggeheimen om forfall og oppløysing, der det gamle samfunnet står for harmonisk borgarleg orden. Perspektivet er retta mot framtida, ikkje attover. Syklusen skil seg òg frå tilsvarande verk ved at kvar roman har eigne, overordna element, eigne gjennomgåande fargar og naturbilete, eigne sjangergrep. Sidestilling mellom romanane er viktigare enn rekkjefylgja.

Frå polyfonien av dei mange røystene er overgangen stor til einetalen i Kulten. Kulten sjølv er profet i rallarskapnad. Frå fleire religionar målber han livsvisdom som er dennesidig krevjande. Mest skil Kulten seg frå andre slike skrifter ved endefram kvardagstale. Dette såg somme som stilbrot då verket kom ut. Spelet mellom høgt og lågt, grovt og raffinert er noko av det modernistiske ved språket til Uppdal, som fyrst i seinare tider er godkjent som gyldig estetisk norm. For ettertida er det blitt klart at forfattarskapen til Uppdal er sentral i norsk modernisme.

Verker

  • Ved Akerselva og andre forteljingar, 1910
  • Dansen gjenom skuggeheimen, 1911–1924, syklus av 10 romanar (Dansen gjenom skuggeheimen, 1911, Trolldom i lufta, 1912, Røysingfolket, 1914, Stigeren, 1919, Kongen, 1920, Domkyrkjebyggjaren, 1921, I skiftet, 1922, Vandringa, 1923, Fjellskjeringa, 1924 og Herdsla, 1924)
  • Uversskyer, essay, 1917
  • Andedrag, essay, 1918
  • Elskhug, dikt, 1919
  • Altarelden, dikt, 1920
  • Jotunbrunnen, aforismar, 1925
  • Galgberget, 1930
  • Hagamannen, 1939
  • Kulten, 3 bd. (Galgberget, Hagamannen og Løysinga), 1947
  • Hestane mine. Etterlatne dikt, 1963
  • Om dikting og diktarar, artiklar utg. av L. Mæhle, 1965

    Etterlate materiale

  • Æve-Lengdn, fullført verk, DKNVS bibliotek, Trondheim
  • manuskript til romanane, sst.
  • andre manuskript og brev, UiO

Kilder og litteratur

  • J. Bukdahl: Norsk national kunst. Litterære Essays, København 1924, s. 320–344
  • A. Strindberg m.fl.: Kristofer Uppdal. Helsing på 60-årsdagen 19. febr. 1938, 1938
  • HEH, fleire utg. 1948–59
  • J. Pedersen: Kristofer Uppdal. En norsk arbejderdigter, København 1949
  • K. Odlaug: Norsk Arbeidsmandsforbund gjennom 60 år, 2 bd., 1955–56
  • O. Dalgard: Samtid. Politikk, kunstliv og kulturkamp i mellomkrigstida, 1973 (utg. som festskrift til Dalgards 70-årsdag)
  • L. Mæhle: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • V. Ystad: Kristofer Uppdals lyrikk, 1978
  • O. Dalgard (red.): Kristofer Uppdal. Ei bok til 100-årsjubiléet, 1978
  • d.s.: Fem norske lyrikarar, 1981
  • B. Birkeland: Essay i utval, 1986
  • J. E. Vold: Storytellers. En begrunnet antologi, 1998

Portretter m.m.

  • Statuett (Rallaren); Norsk Arbeidsmandsforbund
  • Målarstykke (halvfigur) av Otto Johansen, 1911; p.e. attgjeve i Norske portretter. Forfattere, 1956, s. 223
  • Målarstykke (knestykke med hatt) av Henry Arntzen, 1914; p.e.; attgjeve sst
  • Blyantteikning (brystbilete) av Jens R. Nilssen, ca. 1915–20; H. Aschehoug & Co, Oslo; attgjeve sst
  • Blyantteikning (hovud) av Anne Raknes, 1949; Samfundshuset, Malm
  • Målarstykke (brystbilete) av Skjalg Uppdal, 1950; p.e
  • Tusjteikning (brystbilete med hatt) av Øyvind Sørensen, u.å.; Aschehoug