Alcamo
Utsjånad
Alcamo, siciliansk; Àrcamu, er ein by og ein kommune i provinsen Trapani i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 45 504 ibuarar og eit areal på 130,8 km². Byen, som er den fjerde største i provinsen, ligg 256 meter over Middelhavet, som er fem kilometer unna. Frå Alcamo er det 50 km vestover til provinshovudstaden Trapani, og 66 km aust-nordaust til Palermo.
Landbruk, vinproduksjon og utvinning av kalksteinen travertin er hovudnæringar i Alcamo.
Byen Alcamo voks fram etter at ei borg vart bygt på staden i 1340.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Alcamo» frå Wikipedia på tysk, den 2. november 2013.