Earthling-turneen
Earthling-turneen Turné av David Bowie | ||
Bowie spelar på Ruisrock-festivalen i Finland | ||
Stad | Europa Nord-Amerika Sør-Amerika | |
Tilknytt(e) album | Earthling | |
Startdato | 7. juni 1997 | |
Sluttdato | 7. november 1997 | |
Talet på konsertar | 83 | |
Konsertkronologi | ||
---|---|---|
Outside sommarfestivalturné (1996) |
Earthling-turneen | Hours-turneen (1999) |
Earthling-turneen var ein konsertturné av den britiske musikaren David Bowie for å marknadsføre albumet Earthling, som kom ut i 1997. Turneen byrja 7. juni 1997 i Flughafen Blankensee i Lübeck i Tyskland, og fortsette gjennom Europa og Nord-Amerika før han enda i Buenos Aires i Argentina den 7. november 1997.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bowie framførte først songar frå Earthling offentleg seint i 1996, då han spelte «Telling Lies» og stundom «Little Wonder» på show på austkysten i USA i september og oktober. Den 9. januar 1997 heldt han ein konsert i Madison Square Garden i høve 50-årsdagen sin. Ein månad seinare kom Earthling ut og Bowie marknadsførte denne med framsyningar på Saturday Night Live (8. februar) og The Tonight Show (11. februar), etterfølgd av ein betaling-per-visning av bursdagskonserten hans den 8. mars.[1]
Bowie og bandet hans byrja øvingane for turneen i april 1997 og venta at turneen skulle vare frå mai til jul i 1997. Bowie føresåg ein «verkeleg lang, lang turné».[2] Under øvingane for turneen spelte Bowie inn nye versjonar av somme av dei eldre songane sine, inkludert «The Man Who Sold the World» og «Stay». Desse oppdaterte versjonane vart framførte under turneen, men sistnemnde kom ikkje ut offisielt før i 2020 då han kom ut på EP-plata Is It Any Wonder?[3]
Det originale konseptet var å framførte to sett: eit vanleg og eit dance-orientert med drum and bass.[4] Ideen vart skrinlagd på grunn av antipati frå kritikarar og publikum.[5] Etter konserten i Muziekcentrum Vredenburg i Utrecht den 11. juni 1997 vart element av kvar av setta blanda saman til eitt sett.
«Han hata og spele akkurat slik det var på plata,» sa gitaristen Reeves Gabrels. «Han ønskte at eg skulle kle opp songane i dei kleda me gjekk med no.»[6]
Konserten 14. oktober 1997 på Capitol Theatre i Port Chester i New York – sendt på MTV-programmet Live from the 10 Spot – vart lagt til på kort varsel etter at The Rolling Stones hadde avlyst. Den neste konserten den 15. oktober 1997 i Radio City Music Hall i New York City var ein del av GQ Awards.
Setlista inkluderte Laurie Anderson-songen «O Superman» (frå Big Science (1982)) med solovokal av Gail Ann Dorsey.
Eit konsertalbum frå den europeiske delen av turneen kom til miksestadiet med både Bowie, Gabrels og Mark Plati involvert, men selskapet til Bowie, Virgin, avlyste utgjevinga.[5] Utgjevinga kom til slutt ut, med ei litt anna sporliste enn først tenkt, for abonnentar av BowieNet som albumet LiveAndWell.com, som kom ut offentleg i 2021.[5]
Tao Jones Index
[endre | endre wikiteksten]Bowie og bandet spelte nokre frå «løynde» konsertar under namnet «Tao Jones Index», som med vilje prøvde å skule for folk kven dei var.[7] «Tao Jones Index» var eit ordspel basert på det verkelege namnet til Bowie, David Jones, og Bowie-obligasjonane som kom ut i 1997 (Tao vert uttalt «Dow», som i Dow Jones Index frå den amerikanske aksjebørsen).[8] I følgje Gabrels var det truleg Zachary Alford som kom opp med namnet,[9] og dei spelte berre som Tao Jones Index «eit halvt dusin gonger eller færre», då Bowie vart lei av prosjektet etter at fansen byrja å kjenne han att og rope etter hittane hans.[10] Setta var, i følgje Gabrels, ikkje så mykje som strengt drum and bass som «dance-remiksar»: «Me var inspirerte av dei ulike remiksane av Earthling-songane og tok dei attende og gjorde dei om som eit sceneband.»[11] Bandet spelte sine normale instrument, men utan forsterkarar, og Alford spelte elektroniske trommer.[12] Det var berre ei offisiell utgjeving frå Tao Jones Index-framsyningane: ein 12"-singel av «Pallas Athena» og «V-2 Schneider» (1997).[13]
Eit konsertopptak var frå 10. juni 1997, der versjonane av «Pallas Athena» og «V2-Schneider» var henta frå. Eit anna opptak var frå 19. juli 1997 på Phoenixfestivalen. Konserten deira i BBC Radio 1 sitt dansetelt skjedde før den vanlege konserten på hovudscenen dagen etter.
Turnéband
[endre | endre wikiteksten]- David Bowie – vokal, gitar, alt- & barytonsaksofon
- Reeves Gabrels – gitar, korvokal
- Gail Ann Dorsey – bassgitar, vokal, klaverinstrument
- Zack Alford[14] – trommer, perkusjon
- Mike Garson – klaverinstrument, korvokal
Konsertar
[endre | endre wikiteksten]Dato | By | Land | Spelestad |
---|---|---|---|
Oppvarmingsshow | |||
17. mai 1997 | Dublin | Irland | The Factory Studios |
2. juni 1997 | London | England | Hanover Grand[15] |
3. juni 1997 | |||
5. juni 1997 | Hamburg | Tyskland | Große Freiheit |
Europa | |||
7. juni 1997 | Lübeck | Tyskland | Flughafen Blankensee |
8. juni 1997 | Offenbach am Main | Bieberer Berg Stadion | |
10. juni 1997 | Amsterdam | Nederland | Paradiso |
11. juni 1997 | Utrecht | Muziekcentrum Vredenburg | |
13. juni 1997 | Essen | Tyskland | (avlyst) Essen stadion |
Dortmund | Westfalenhalle | ||
14. juni 1997 | Paris | Frankrike | Parc des Princes |
16. juni 1997 | Rezé | La Trocardiére | |
17. juni 1997 | Bordeaux | La Médoquine | |
19. juni 1997 | Clermont-Ferrand | Maison des Sports | |
21. juni 1997 | Leipzig | Tyskland | Go Bang-festivalen |
22. juni 1997 | München | ||
24. juni 1997 | Wien | Austerrike | Sommer Arena[16] |
25. juni 1997 | Praha | Tsjekkia | Congress Centre |
28. juni 1997 | Oslo | Noreg | Kalvøyafestivalen |
29. juni 1997 | Turku | Finland | Ruisrock-festivalen |
1. juli 1997 | Zagreb | Kroatia | Dom Sportova |
2. juli 1997 | Pistoia | Italia | Piazza del Duomo |
4. juli 1997 | Torhout | Belgia | Torhout-festivalen |
5. juli 1997 | Werchter | Werchter-festivalen | |
6. juli 1997 | Ringe | Danmark | Midtfynsfestivalen |
8. juli 1997 | Brescia | Italia | Stadio Mario Rigamonti |
10. juli 1997 | Napoli | Neapolis-festivalen | |
11. juli 1997 | Arbatax | Rocce Rosse-festivalen | |
13. juli 1997 | Frauenfeld | Sveits | Out in the Green |
15. juli 1997 | Madrid | Spania | (avlyst) Las Ventas |
Aqua Lung | |||
16. juli 1997 | Zaragoza | Pabellón Príncipe Felipe | |
17. juli 1997 | San Sebastián | Velodromo De Anoeta | |
19. juli 1997 | Stratford upon Avon | England | Phoenixfestivalen Long Marston Airfield (som Tao Jones Index) |
20. juli 1997 | |||
22. juli 1997 | Glasgow | Skottland | Barrowlands |
23. juli 1997 | Manchester | England | Manchester Academy |
25. juli 1997 | Malmö | Sverige | Mölleplatsen |
26. juli 1997 | Stockholm | Lollipop-festivalen | |
27. juli 1997 | Gdańsk | Polen | (avlyst) Stadion Lechii |
29. juli 1997 | Lyon | Frankrike | Fourvière |
30. juli 1997 | Juan-les-Pins | Pinede Gould | |
1. august 1997 | Birmingham | England | Que Club |
2. august 1997 | Liverpool | Royal Court | |
3. august 1997 | Newcastle upon Tyne | Riverside | |
5. august 1997 | Nottingham | Rock City | |
6. august 1997 | Leeds | Town & Country Club | |
8. august 1997 | Dublin | Ireland | Olympia Theatre |
9. august 1997 | |||
11. august 1997 | London | England | Shepherd's Bush Empire |
12. august 1997 | |||
14. august 1997 | Budapest | Ungarn | Student Island Fest |
Nord-Amerika | |||
6. september 1997 | Vancouver | Canada | Plaza of Nations |
7. september 1997 | Seattle | USA | Paramount Theater |
9. september 1997 | San Francisco | The Warfield | |
10. september 1997 | Los Angeles | Hollywood Athletic Club | |
12. september 1997 | Los Angeles | Universal Amphitheatre | |
13. september 1997 | |||
15. september 1997 | San Francisco | The Warfield | |
16. september 1997 | |||
19. september 1997 | Chicago | The Vic Theater | |
21. september 1997 | Detroit | State Theatre | |
22. september 1997 | |||
24. september 1997 | Montreal | Canada | Metropolis |
25. september 1997 | |||
27. september 1997 | Toronto | Warehouse[17][18] | |
28. september 1997 | |||
30. september 1997 | Boston | USA | Orpheum Theatre[19] |
1. oktober 1997 | |||
3. oktober 1997 | Philadelphia | Electric Factory | |
4. oktober 1997 | |||
7. oktober 1997 | Fort Lauderdale | Chili Pepper | |
8. oktober 1997 | |||
10. oktober 1997 | Atlanta | International Ballroom | |
12. oktober 1997 | Washington, D.C. | The Capitol Ballroom | |
13. oktober 1997 | New York City | The Supper Club | |
14. oktober 1997 | Port Chester | Capitol Theatre (MTV 10-Spot) | |
15. oktober 1997 | New York City | Radio City Music Hall (GQ Awards) | |
17. oktober 1997 | Chicago | Aragon Ballroom | |
18. oktober 1997 | Saint Paul | Roy Wilkins Auditorium | |
23. oktober 1997 | Mexico City | Mexico | Foro Sol |
Sør-Amerika | |||
31. oktober 1997 | Curitiba | Brasil | Paulo Leminski Concert and Entertainment Hall |
1. november 1997 | São Paulo | Ibirapuera Arena | |
2. november 1997 | Rio de Janeiro | Citibank Hall | |
5. november 1997 | Santiago | Chile | Estadio Nacional de Chile |
7. november 1997 | Buenos Aires | Argentina | Estadio Arquitecto Ricardo Etcheverri |
Songar
[endre | endre wikiteksten]Frå Space Oddity
Frå The Man Who Sold the World
Frå Hunky Dory
- «Quicksand»
- «Queen Bitch»
Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Frå Aladdin Sane
- «My Death» (opphavleg frå La Valse à Mille Temps (1959) av Jacques Brel; skriven av Brel & Mort Shuman)
- «I'm Waiting for the Man» (opphavleg frå The Velvet Underground & Nico (1967) av The Velvet Underground og Nico, skriven av Lou Reed)
Frå Ziggy Stardust: The Motion Picture
- «White Light/White Heat» (opphavleg frå White Light/White Heat (1968) av The Velvet Underground; skriven av Lou Reed)
Frå Young Americans
- «Young Americans»
- «Fame» (Bowie, John Lennon, Carlos Alomar)
- «Stay»
Frå Low
Frå "Heroes"
- «"Heroes"» (Bowie, Brian Eno)
- «V-2 Schneider»
Frå Lodger
- «Look Back in Anger» (Bowie, Eno)
Frå Scary Monsters (and Super Creeps)
Frå Let's Dance
Frå Tin Machine
- «I Can't Read» (Bowie, Reeves Gabrels)
- «Pallas Athena» (Tao Jones Index-versjonen)
Frå Outside
- «Outside» (Bowie, Kevin Armstrong)
- «The Hearts Filthy Lesson» (Bowie, Eno, Gabrels, Mike Garson, Erdal Kızılçay, Sterling Campbell)
- «Hallo Spaceboy» (Bowie, Eno)
- «The Motel» (Bowie, Eno)
- «The Voyeur of Utter Destruction (as Beauty)» (Bowie, Eno, Gabrels)
- «I'm Deranged» (Bowie, Eno)
- «Strangers When We Meet»
Frå Earthling
- «Little Wonder» (Bowie, Gabrels, Mark Plati)
- «Looking for Satellites» (Bowie, Gabrels, Plati)
- «Battle for Britain (The Letter)» (Bowie, Gabrels, Plati)
- «Seven Years in Tibet» (Bowie, Gabrels)
- «Dead Man Walking» (Bowie, Gabrels)
- «Dead Man Walking (Moby Mix)» (Bowie, Gabrels)
- «Telling Lies»
- «The Last Thing You Should Do» (Bowie, Gabrels, Plati)
- «I'm Afraid of Americans» (Bowie, Eno)
Andre songar:
- «Can't Help Thinking About Me» (tidleg singel (1966))
- «All the Young Dudes» (frå All the Young Dudes (1972) av Mott the Hoople; skriven av Bowie)
- «Under Pressure» (opphavleg ein singel (1981) av Bowie og Queen, seinare på Hot Space åre etter; skriven av Bowie, John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor)
- «Volare (Nel Blu Dipinto Di Blu)» (ein singel av Domenico Modugno, skriven av Modugno and Franco Migliacci)
- «Is It Any Wonder?» (Instrumental jam basert på «Fame», omarbeidd som «Fun» for ei BowieNet-utgjeving)
- «O Superman (For Massenet)» (frå Big Science (1982) av Laurie Anderson; skriven av Anderson)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Earthling Tour» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- David Buckley, Strange Fascination: The Definitive Biography of David Bowie, Virgin Books, 1999, ISBN 1-85227-784-X
- ↑ David Bowie Launches New Album 'earthling' With Network Television Appearances, A Pay-per-view Concert, A National Radio Broadcast, And Star On Hollywood Blvd's Walk Of Fame, 30. januar 1997, arkivert frå originalen 9. januar 2014, henta 18. september 2021
- ↑ Laban, Linda (13. februar 1997), «Bowie Hits a Fab 50», The Seattle Times: E3
- ↑ «David Bowie Is it Any Wonder? Streaming EP of unreleased & rare material». 14. februar 2020. Henta 18. september 2021.
- ↑ «David Bowie: The FI Interview» by J.D. Considine, Fi magazine, 1997. oktober pp 36-41
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, ISBN 1-903111-73-0
- ↑ DeMain, Bill (April 2018). «Reeves Gabrels talks about David Bowie». Classic Rock (247): 58.
- ↑ @reevesgabrels (4. oktober 2020). «Did you know that David Bowie had a secret live drum and bass project?!» (Tweet). Henta 18. september 2021 – via Twitter.
- ↑ «Pallas Athena 1997 version». Arkivert frå originalen 27. februar 2010. Henta 18. september 2021.
- ↑ @reevesgabrels (4. oktober 2020). «That special gig in Dublin was a dress rehearsal for the Earthling tour itself» (Tweet). Henta 18. september 2021 – via Twitter.
- ↑ @turguin (4. oktober 2020). «How many times did you guys perform as the DJI?» (Tweet). Henta 18. september 2021 – via Twitter.
- ↑ @reevesgabrels (4. oktober 2020). «It wasn't drum and bass so much as dance remixes» (Tweet). Henta 18. september 2021 – via Twitter.
- ↑ @reevesgabrels (4. oktober 2020). «We played our instruments, but without amplifiers» (Tweet). Henta 18. september 2021 – via Twitter.
- ↑ @reevesgabrels (4. oktober 2020). «The only live recording of Tao Jones Index that was released is Pallas Athena and V2-Schneider» (Tweet). Henta 18. september 2021 – via Twitter.
- ↑ Discogs – Zachary Alford – Profile & Discography
- ↑ Discogs – Song & Dance – 1997 unOfficial 2CD, Dancing Horse (DH-017) Japan ~ Live at Hanover Grand Theatre, June 1997
- ↑ Discogs – Live in Wien Arena 1997 unOfficial 2CD, Phantom Private Records (WADB01/02) Tyskland ~ Live at Sommer Arena, Wien, 24. juni 1997
- ↑ Discogs – The Chaos Girls – 1998 unOfficial 2CD, Montserrat Records (BRCD 2900/1) Tyskland
- ↑ Discogs – Jungle Fever – 1998 unOfficial 2CD, Montserrat Records (BRCD 2902/03) Tyskland ~ the CFNY Studios, Toronto 1997-09-26th
- ↑ Discogs – Adventures in Cyberspace – 1997 unOfficial 2CD, Dancing Horse (DH-020) ~ Boston's Orpheum Theatre, 1. oktober 1997 Cybercast