Kattegat
Kattegat er ei bukt i Nordsjøen som ligg mellom Jylland i Danmark og den svenske vestkysten. Havområdet er om lag 28.000 km², og inneheld øyar som Æbelø, Læsø, Samsø og Hesselø.
Geografi
I nord går Kattegat over i Skagerrak og i sør leiar Øresund, Storebælt og Lillebælt til Austersjøen. Sjælland og Fyn er grenseøyar i aust.
På dansk side dannar Grenen ved Skagen grensa mellom Kattegat og Skagerrak. Derfrå trekker ein grenselinja austover til Marstrand i Sverige.
Miljø
I 2004 vart Kattagat, saman med 146 andre område i verdshava, peika ut som ein "daud sone" av FN sitt miljøprogram, UNEP. Mykje tilføring av nitrogen har ført til oksygenmangel for livet i havområdet.
Etymologi
Namnet Kattegat kjem frå det nautiske uttrykket katt, om ein trong passasje, og gat, som tyder hòl. Sidan det finst fleire store grunner i Kattegat, vart bukta rekna som særs vanskeleg å segla i.