Lusaka
Lusaka | |||
hovudstad | |||
Land | Zambia | ||
---|---|---|---|
Provins | Lusaka | ||
Distrikt | Lusaka | ||
Høgd | 1 300 m | ||
Areal | 360 km² | ||
Folketal | 2 467 563 (2017) | ||
Grunnlagd | 1905 | ||
• Bystatus | 25. august 1960 | ||
Lusaka 15°25′00″S 28°17′00″E / 15.416666666667°S 28.283333333333°E | |||
Kart som viser Lusaka.
| |||
Wikimedia Commons: Lusaka |
Lusaka er hovudstad og største byen i Zambia. Han ligg på sørdelen av sentralplatået, 1 279 meter over havet. Innbyggartalet var i 2017 om lag 2,5 millionar. Byen hyser regjeringskontora og er det økonomiske senteret i landet. Fire av hovudvegane i Zambia; Great North Road, Livingstone Road, Great East Road og Great West Road går ut frå/inn i byen. Dei to mest brukte språka i Lusaka er engelsk og nyanja.
Styre
[endre | endre wikiteksten]Både den lovgjevande, utøvande og dømmande makta i Zambia har sine sete i Lusaka. Parlamentet har plass i ein 15 etasjar høg bygning. Byen er også hovudstad for Lusaka-provinsen, den minste men mest folkerike av dei ni provinsane i landet.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Fly
[endre | endre wikiteksten]Byen har flyplass, Lusaka International Airport, og ligg ved jarnbanen mellom Livingstone og Kitwe. Flyplassen vert brukt av både offentleg og militær luftfart.
Buss
[endre | endre wikiteksten]Bussruter går frå Lusaka til nærliggjande byar som Siavonga og Chirundu.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Lusaka har eit fuktig, subtropisk klima. Kjølegaste månaden, juli, har ein middeltemperatur på 16 °C. Klimaet er prega av varme, men ikkje heite, somrar. Resten av året er det mildt. Den varmaste månaden, oktober, ligg temperaturen godversdagane på kring 25 °C. Lusaka har både regntid og tørketid. Tørketida er den dominerande og varer frå april til slutten av oktober.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Lusaka var ein landsby oppkalla etter hovdingen sin, Lusakasa, som i fylgje soga låg på Manda Hill, nær der Zambias nasjonalforsamling står no. Området vart utvida av europeiske, i hovudsak britiske, settlarar då det i 1905 vart bygt jarnbane.
I 1935 vart byen vald til hovudstad i den britiske kolonien Nord-Rhodesia, til dess hadde Livingstone vore hovudstad i kolonien. Staden vart vald, både for at han låg nokså sentral og for at han låg i krysset mellom Great North Road og Great East Road.
Etter danninga av føderasjonen mellom Nord- og Sør-Rhodesia i 1953, vart byen eit senter for ei sjølvstendrørsle mellom nokre av den utdanna eliten. Dette førte til danninga av republikken Zambia. I 1964 vart Lusaka hovudstad i det nyleg sjølvstendige Zambia.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Eit kjøpesenter på Manda Hill, ved Great Eastern Road.
-
Høgsteretten i Zambia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lusaka» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2011.