Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Mekanisk fjør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
To spiralfjører

Fjør er ein maskindel som kan pressast saman eller strekkast ut når ho vert utsett for ei kraft. Når krafta vert fjerna går fjøra tilbake til si opphavlege form.

Fjørtypar

Bladfjør

Bladfjør på framaksel på ein traktor (Eicher)

Bladfjører er ofte sett saman av fleire fjørblad med forskjellig lengd, slik at fjørstivheita aukar når fjøra vert bøygd. Denne ulineæriteten er nyttig for bruksområde som til dømes fjøring på lastebilar, der det er viktig at fjøra skal fungera både med tom bil og med lass.

Spiralfjør

Spiralfjør

Spiralfjører er fjørblad som er rulla saman til ein spiral, ofte med fleire omdreiingar. Denne typen vert ofte nytta for å lagra energi, til dømes i mekaniske ur. Eit anna bruksområde er for saman med ein masse å danna ein resonator med ein bestemt periode, som ofte vert nytta som tidsreferanse, for eksempel i mekaniske ur.

Gassfjører

Hovudartikkel: Gassfjører

Sjå òg