Pattedyr
Utsjånad
Pattedyr er ein dyreklasse innan zoologien. Det viktigaste kjenneteiknet til klassen er at ungar dier mødrene sine. Elles er alle pattedyr varmblodige virveldyr med hår eller pels som pustar med lunger. Dei aller fleste pattedyra fødar levande avkom, men kloakkdyra skiljer seg ut ved å leggja egg.
Det finst over 5.000 levande artar av pattedyr. Mennesket er eit pattedyr. Det er også blåkvalenen, grisen og flaggermusa.
Det latinske namnet for dyreklassen er Mammalia.