Timianslekta
Timianslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Slekt: | Timianslekta Thymus L., 1753 |
Timianslekta (Thymus) er ei slekt i leppeblomfamilien med om lag 350 artar. Desse veks i Europa, Midt-Austen og Nord-Afrika. Timian er ein dvergbusk som kan verta eit par desimeter høg.
Artar
[endre | endre wikiteksten]Fleire artar og underartar er registrerte i Noreg:[1][2]
- Bakketimian (T. pulegioides), nær truga (NT) i Raudlista 2021[3]
- Kryptimian (T. praecox), sårbar (VU),[3] med underartane
- Nominatunderarten hagekryptimian (T.p. ssp. praecox), framandart, låg risiko (LO)[4]
- Norsk timian (T.p. ssp. britannicus), sårbar (VU)[3]
- Småtimian (T. serpyllum), nær truga (NT),[3] med underartane
- Nominatunderarten smaltimian (T.s. ssp. serpyllum), kritisk truga (CR)[3]
- Tanatimian (T.s. ssp. tanaënsis), nær truga (NT)[3]
- Kryddertimian (T. vulgaris), framandart, ikkje risikovudert
- Austerriksk timian (T. odoratissimus), framandart, berre einskildfunn, ikkje risikovudert
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Kryddertimian og sitrontimian (T. ×citriodorus) vert mykje brukt som krydder. Småtimian og somme andre artar eigner seg derimot ikkje som krydder, men er populære hagevekstar.
Ein nytter timian mellom anna til å smakssetja kjøt, supper og stuingar. I fransk matlaging blir urta mellom anna brukt i bouquet garni og i Herbes de Provence. Timian er også viktig i karibisk og i middelhavsmat. Den jordanske krydderblandinga zahtar inneheld timian.
Timian har også vore brukt som medisinplante, mellom anna mot hoste og sår hals. Planten inneheld stoffet thymol. Dette verkar antiseptisk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 978–979, 1165–1166.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre timianslekta». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2023.
- ↑ «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 2. mars 2023.