Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Andrew Marvell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrew Marvell

Statsborgarskap Kongeriket England, Storbritannia, England
Fødd 31. mars 1621
Winestead
Død

16. august 1678 (57 år)
London

Yrke lyrikar, politikar, skribent, satiriker
Språk engelsk
Medlem av Cavalier Parliament
Far Andrew Marvell
Andrew Marvell på Commons

Andrew Marvell (31. mars 162116. august 1678) var ein engelsk diktar og politikar. Ved sida av John Donne og George Herbert blir han rekna til dei viktigaste metafysiske poetane. Marvell sat i Det britiske underhuset til ulike tider mellom 1659 og 1678. Under Commonwealth-tida var han ein kollega og ven av John Milton. Dikta hans omfattar kjærleiksdiktet «To His Coy Mistress», pastorale skildringar i «Upon Appleton House» og «The Garden» og politiske omtalar i «An Horatian Ode upon Cromwell's Return from Ireland». Han skreiv også personlege og politiske satirar som Flecknoe og The Character of Holland.

Marvell sin poesi er ofte åndrik og full av conceits, heilt i stilen til dei metafysiske poetane. Mange av dikta er inspirerte av hendingar i tida, politiske eller personlege. The Picture of Little TC in a Prospect of Flowers blei skriven til dotter til ei av venene til Marvell, Theophila Cornwell, og fekk namn etter ei eldre søster som døydde som spedbarn. Marvell tok i bruk eit bilde av ho i ein hage omgjeven av blomar for å skildra våren som overgangstid og den sårbare barnetida.

Andre dikt skreiv han i den pastorale stilen til dei klassiske romerske forfattarane. Også i desse stiller Marvell opp bilde for lesaren, til dømes i «The Nymph Complaining for the Death of her Fawn», gret ei nymfe for eit lite dyr som er i ferd med å døy, og fortel korleis dyret trøysta nymfa etter elskaren sveik ho.

Eit samleverk med alle dikta til Marvell kom ut posthumt i 1681.

Dikt
  • The First Anniversary of the Government Under His Highness the Lord Protector. 1655
  • The Character of Holland. 1665
  • Clarendon's House Warming. 1667
  • Dialogue Between Two Horses. 1675
  • Advice to a Painter. 1678
  • Miscellaneous Poems. 1681
  • A Collection of Poems on Affairs of State. 1689
  • To his coy mistress. 1681
Prosa
  • The Rehearsal Transpros'd. 1672
  • Mr. Smirke. 1676
  • An Account of the Growth of Popery, and Arbitrary Government in England. 1678
  • Remarks Upon a Late Disingenuous Discourse. 1678

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Elizabeth Story Donno (red.): Andrew Marvell: The Critical Heritage. Routledge Kegan, London 1978 ISBN 0-7100-8791-8 (ettertrykk: Routledge, London 1995 ISBN 0-415-13414-5)
  • John Dixon Hunt: Andrew Marvell: His Life and Writings. Cornell University Press, Cornell (New York) 1978 ISBN 0-8014-1202-1
  • Michael Craze: The Life and Lyrics of Andrew Marvell. Macmillan, London 1979 ISBN 0-333-26250-6
  • Patsy Griffin: The Modest Ambition of Andrew Marvell. A study of Marvell and his relation to Lovelace, Faifax, Cromwell, and Milton. University of Delaware Press, Newark 1995 ISBN 0-87413-561-3
  • Robert H. Ray (red.): An Andrew Marvell Companion. Garland, New York 1998 ISBN 0-8240-6248-5
  • Nicholas Murray: World Enough and Time. The Life of Andrew Marvell. Little, Brown, London 1999 ISBN 0-316-64863-9 (US-Ausgabe: St. Martin's Press, New York 2000 ISBN 0-312-24277-8)
  • Nigel Smith: Andrew Marvell : the chameleon, New Haven: Yale Univ. Press, 2010, ISBN 978-0-300-11221-4

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]