Banderole
Banderole[a], av fransk banderole frå italiensk banderuola, 'lite banner'[1] er ulike former for dekorative band, flagg, vimplar og liknande.[2]
Militær bruk
[endre | endre wikiteksten]I militær samanheng kan banderole vera ein mastevimpel, ei lansefane eller ei snor med duskar som ein kan bera horn eller trompetar i.[3]
Det kan vera ein langstrekt vimpel eller splittflagg på skip, særleg dei som er festa til mastetoppen på gamle orlogsskip.
I kunst
[endre | endre wikiteksten]Ein kan bruka banderolar i heraldikken, der dei kan vere tekstband med motto og liknande.
Flagrande tekst- og taleband har vore brukt i biletkunst sidan mellomalderen, særleg i gotisk kunst og renessansen, men også i mesoamerikansk kunst. Dei kunne forklara tydinga til figurane, eller visa noko dei sa.[4]
Varer
[endre | endre wikiteksten]Ulike varer kan ha banderolar, til dømes i form av ein papirstrimmel rundt seg, for å gje informasjon eller som reklame. Banderolar kan vera etikettar rundt bøker, sigarar eller strikkegarn som gjev informasjon om vara.
Dei kan også vera eit omslag som viser at ein skatt eller avgift er betalt. I Noreg blei slike stempelmerke nytta i tobakkindustrien på kvar tobakkpakke som eit teikn på at avgifta, banderoleskatten, var blitt betalt. Ordninga opphøyrde i 1976.[5]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Heraldisk løve med banderole
-
Signalhorn med banderole
-
Skulptur av erkeengelen Gabriel med banderole frå 1345.
-
Skulptur av Jan Frans Deckers frå 1884 som viser kvinne med banderole som nemner store lækjarnamn: HIPPOCRATE, GALENE, VESALE og PALFIJN
-
«Flagrande band»
-
Banderole i form av tekst- og taleband på eit måleri av Bernhard Strigel frå 1506.
-
Bilde av Karl Reichert av to hundar og ei velta medisinflaske med banderole.
-
Banderole i form av bulgarsk stempelmerke på ei flaske med alkohol.
-
Tobakkfabrikk i Nasaret der ein påfører bandarolar på sigarettpakkar (1940).
-
Banderole (1) på ei bok.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ også skrive banderoll som på svensk, banderolle og bannerol
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «banderole» i Nynorskordboka.
- ↑ «Banderole» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Salmonsen og "banderole" hos Ordnet.dk/ods, Ordbog over det danske Sprog
- ↑ SAL"Banderole" og "Banderoleskat", bind 2, side 596 i Salmonsens Konversationsleksikon (2. udgave, 1915) af kontorchef C. Trap
- ↑ «banderole – stempelmerke». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 20. februar 2018.