Snakkeboble
Utsjånad
Snakkeboble er eit område i ei teikna forteljing, som ein teikneserie eller ein vitseteikning, som viser noko som blir sagt. Som regel inneheld snakkebobla tekst, men ho kan også ha andre symbol eller bilde. Variantar av snakkebobla kan vera ei ropeboble som visuelt viser at ein roper, eller ei tankeboble som viser tankar.
Forløparar for moderne teikeseriebobler
[endre | endre wikiteksten]-
Før 1700-talet blei tale i europeisk billedkunst ofte formidla med tekst på banderolar, band, flagg, skriftrullar og papirark. Bildeutsnitt frå «Sankt Anna og engelen» måla av Bernhard Strigel i 1506.
-
Satirisk avisteikning frå Boston i 1775 med tidlege former for snakkebobler. Vitseteikningen er frå ei avis som støtta dei britiske lojalistane, og motivet latterleggjer militsstyrkar av «yankie doodles» som omringar byen.
-
Replikkane til The Yellow Kid blei vanlegvis skrivne direkte på figuren, medan dei andre i serien uttrykte seg i snakkebobler. The Yellow Kid er ofte rekna som verdas første moderne teikneserie. Han kom ut regelmessig frå 1895.
-
Rute frå den amerikanske serien Atomic War! (1952) som viser taggete og vanlege snakkebobler.