Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Bearahalvøya

Koordinatar: 51°44′N 9°50′W / 51.733°N 9.833°W / 51.733; -9.833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

51°44′N 9°50′W / 51.733°N 9.833°W / 51.733; -9.833

Bearahalvøya
Utsyn frå Healy Pass og nordover til høgdene på halvøya Iveragh i horisonten
Land  Irland
Kart
Bearahalvøya
51°44′N 9°50′W / 51.73°N 9.84°W / 51.73; -9.84
Kart som viser Bearahalvøya.
Kart som viser Bearahalvøya.
Kart som viser Bearahalvøya.
Wikimedia Commons: Beara Peninsula

Bearahalvøya (irsk Béara) er den sørlegaste av dei store halvøyane på sørvestkysten av Irland. To fjellkjeder går langs sentrale delar av ho, Cahafjella og Slieve Miskish. Den nordlege delen av halvøya, bortsett frå nær enden av ho, ligg i County Kerry, medan resten ligg i County Cork.

Dei største turistattraksjonane her er ruinane av Puxley Mansion, Dunboy Castle og Derreen Gardens. Tidlegare i historia har ho vore maktsetet til O'Sullivan Bere-klanen og var ein av dei siste områda med gælisk motstand etter slaget ved Kinsale. Seinare vart det vunne ut mykje kopar her, noko som bevart for evig tid i romanen Hungry Hill av Daphne du Maurier

Beararingen er ei turistrute på om lag 195 km rundt halvøya. Ringen startar ved Kenmare, kryssar Healy Pass gjennom Adrigole, forbi Castletownbere, Allihies, skiljevegen til Dursey Island, Eyeries og Ardgroom, og endar i Glengarriff. Området har lenge vore knytt til sjøen og Castletownbere er ein av dei største fiskehamnene på Irland og har gode båtfasilitetar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]