County Kerry
County Kerry | |||
Contae Chiarraí | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Hovudstad | Tralee | ||
Areal | 4 746 km² | ||
Folketal | 139 616 (2006) | ||
Folketettleik | 29 / km² | ||
Provins | Munster | ||
Bilnummer | KY | ||
County Kerry 52°10′00″N 9°45′00″W / 52.166666666667°N 9.75°W | |||
Kart som viser County Kerry.
| |||
Wikimedia Commons: County Kerry | |||
Nettstad: www.kerrycoco.ie |
County Kerry (irsk Contae Chiarraí) er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster.
County Kerry grensar til Limerick i vest, Cork i aust og i sør, og Atlanterhavet i vest og i nord. Shannon-estuaret ligg mellom Kerry og Clare i nordaust.
Administrasjonsbyen er Tralee. Det vart formelt oppretta som grevskap i 1606 då det gamle grevskapet Desmond vart delt i grevskapa Cork og Kerry.
Killarney nasjonalpark med Killarneysjøane og Dinglehalvøya er ein del av grevskapet. Han er kalla opp etter byen Killarney. Spissen på Dinglehalvøya er det vestlegaste punktet på det irske fastlandet. Dei høgaste fjella på Irland, Macgillycuddy's Reeks ligg òg i Kerry.
Kystlinja har ei rekkje halvøyar og store bukter, den største halvøya er Iveragh. Ring of Kerry er ei særs populær turistrute gjennom dette landskapet. Det finst ei rute for bil- og sykkeltrafikk, og ei for fotturistar som ligg høgare oppe i landskapet og følgjer eldgamle vegar.
Fleire øyar utanfor kysten høyrer til grevskapet, inkludert Blasketøyane og Skelligøyane. Skellig Michael, med sine einebuarhytter frå mellomalderen, er ein verdensarvstad.
Byar og landsbyar i County Kerry
[endre | endre wikiteksten]Irske stadnamn står i parentes
- Ballybunion (Baile an Bhuinneánaigh)
- Ballyheigue (Baile Uí Thaidhg)
- Caherdaniel (Cathair Dónall)
- Cahersiveen (Cathair Saidhbhín)
- Castleisland (Oileán Ciarraí)
- Dingle (An Daingean)
- Kenmare (An Neidín)
- Kilflynn (Cill Flainn)
- Killarney (Cill Airne)
- Killorglin (Cill Orglan)
- Knightstown (An Chois)
- Listowel (Lios Tuathail)
- Milltown (Baile an Mhuileann)
- Portmagee (An Caladh)
- Sneem (An tSnaidhm)
- Tralee (Trá Lí)
- Waterville (An Coireán)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «County Kerry» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kart over County Kerry Arkivert 2005-04-20 ved Wayback Machine.