Connacht
Connacht | |||
Cúige Chonnachta | |||
provins | |||
|
|||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Areal | 17 788 km² | ||
Folketal | 542 547 (2011) | ||
Connacht 53°47′N 9°03′W / 53.78°N 9.05°W | |||
Kart som viser Connacht.
| |||
Wikimedia Commons: Connacht |
Connacht (irsk Cúige Chonnachtae) er ein av dei fire provinsane på Irland. Han ligg vest på øya og i Republikken Irland og består av grevskapa Galway, Leitrim, Mayo, Roscommon og Sligo.
Dei største byane er Galway i sør og Sligo i nord. Han har like over 540 000 innbyggjarar og er det minste av dei fire provinsane.
Provinsen har fleire Gaeltacht-området, der irsk språk er utbreidd, vest i Mayo og Galway.
Det høgaste punktet i Connacht er Mweelrea på 814 meter over havet i Mayo. Den største øya er Achill, som òg er den største av alle øyane utanfor Irland. Den største innsjøen er Lough Corrib.
Fram til tidleg historisk tid vart området kalla Cóiced Ol nEchmacht. Connacht var eit kongedøme i mellomalderen og kongar vart offisielt innsett fram til seint på 1600-talet. Den herskande O'Conor Don-familien har overlevd fram til i dag.
«Republikken Connaught» eksisterte ei kort stund i 1798 med fransk militærstøtte.
Den einaste større byen i Connacht er Galway. Den nest største byen er Sligo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Connacht» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2007.