Bikolibri
Bikolibri | |
Bikolibrihann | |
Bikolibrihoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av bikolibri | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Mellisugini |
Slekt: | Mellisuga |
Art: | Bikolibri M. helenae |
Vitskapleg namn | |
Mellisuga helenae |
Bikolibri (Mellisuga helenae) er den minste av alle fuglar i verda, omtrent som ei stor bie i storleik. Han har ein medels masse på ca. 1,8 g og er ca. 5 cm lang. Denne kolibriarten er endemisk for Cuba, han finst òg på den cubanske øya Isla de la Juventud. På Cuba er han kjent som zunzuncito.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Hannen har strupe, panne og hovud i kraftig grøn farge, iriserande krage med forlenga fjør ned på begge sidene av strupen. Oversida er blåleg, resten av undersida er lys grå til kvit. Hoa er blågrøn med lyst i bryst og undersida. Dessutan har ho kvite flekker på enden av ytre halefjøra. Unge hannar liknar hoa, men manglar kvitt på halefjøra. I hekkedrakt har hannfuglar iaugefallande rosa til raud farge i panne, på hovud og i nakke, og er iriserande metallisk blå på rygg og venger. Som for andre kolibriar er dei iriserande fargene i fjøra ikkje alltid synlege. Effekten er avhengig av vinkelen mellom observatør, fugl og lyskjelde.
Lengda er ca. 5 centimeter frå nebbspiss til halespiss og gjennomsnittleg vekt er ca. 1,8 gram. Dette er også det minste varmblodige virveldyr. På grunn av storleiken kan bikolibriar lett forvekslast med bier. Frekvensen på vengeslaga er rundt 80 gongar i sekundet. Dette held fuglen stille i lufta framføre blomar som han beitar på. Det svarte nebbet er særs tynt, tunga er ekstremt tynn og relativt lang. Kroppstemperaturen er 40 °C, men om natta går han ned til 19 °C for å spare energi.
Desse fuglane er slanke med rett nebb utforma for å trengje djupt inn i blomar. Med tunga forma som eit langt røyr syg fuglen opp nektar - og no og då også insekt og edderkoppar - akkurat som om tunga var eit sugerøyr. I denne prosessen får fuglen blomsterpollen på nebb og hovud og spreier det til andre blomar. På denne måten spelar han ei vektig rolle i reproduksjon av planten. Bikolibrien konsumerer dagleg nektar som svarar til halvparten kroppsvekta og drikk opptil 8 gongar si eiga vekt i væske pr. dag.
Hoa av bikolibrien byggjer eit skålforma reir av bitar av spindelvev, bork og lav. Egga er mindre enn kaffibønner. Ho rugar aleine i 21 eller 22 dagar. Ungane har fått fjørdrakt etter 13 til 14 dagar og flyg ut av reiret ca. 18 dagar gamle.
Populasjonen minkar, sannsynlegvis på grunn av tap av habitat. Arten synest å vere avhengig av moden skog.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bee Hummingbird» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2009.
- Tilsvarande wikipediaartiklar på spansk og fransk
- BirdLife International: Bee Hummingbird - BirdLife Species Factsheet Lest 19. januar 2008
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bikolibri videoar hos Internet Bird Collection
- Bilete av ein hann i hekkedrakt Arkivert 2009-05-17 ved Wayback Machine.
- Nærbilete av hofugl Arkivert 2008-09-28 ved Wayback Machine.
- (no) bikolibri hos Artsdatabanken
- (en) bikolibri i Global Biodiversity Information Facility
- (en) bikolibri hos ITIS
- (en) bikolibri hos NCBI
- (en) Kategori:Mellisuga helenae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Mellisuga helenae – detaljert informasjon på Wikispecies