Bokbuss
Bokbuss er ein buss som er fylt med bøker, som fungerer som eit omreisande bibliotek. Bokbussane har ofte faste ruter i distrikta eller til stader og institusjonar der lånarane har vanskeleg for å kome seg til bibliotek. I Noreg er bokbussen ein del av den oppsøkjande bibliotekverksemda tufta i biblioteklova frå 1985 og vert mellom anna drivne av fylkesbiblioteka.
I dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal går òg bokbåten «Epos».
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste bokbussen i Noreg tok til å køyra rundt i Vestfold i 1948, men tenesta vart etterkvart ein viktig kultur- og kunnskapsformidlar over heile landet. I dag har kommunikasjonen vorte betre og det er lettare å reisa for folk. Saman med at det er lettare å henta informasjon via fjernsyn og Internett har dette ført til at bokbusstilbodet fleire stadar er i ferd med å verta lagt ned.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Bokbuss i Karasjok.
-
Dansk «bokbusshaldeplass».
-
Kommunal bokbuss i Göteborg.
-
Bokbuss i Tunisia.
-
Bokbuss i Nicaragua.
-
Bokbuss i Dresden i 1970.
-
Bokbuss i Washington i Maryland i USA i 1916. Bussen har heilgummidekk og han tykkjest ha elektrisk drift.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Omsett frå Wikipedia på bokmål, måndag 12. april 2011.