Boris Godunov
Boris Godunov | |
Verkeleg namn | Бори́с Фёдорович Годуно́в |
Statsborgarskap | Det russiske tsardømet |
Fødd | 12. august 1552 Vjazma |
Død | |
Yrke | politikar, Oprichnik |
Språk | russisk |
Religion | Den russisk-ortodokse kyrkja |
Far | Fyodor Godunov |
Ektefelle | Maria Skuratova-Belskaya |
Boris Godunov på Commons |
Boris Fjodorovitsj Godunov (1552–13. april 1605) var tsar i Russland frå 1598 til 1605.
Boris Godunov var regent i Russland frå 1584 til 1598, då den ueigna Fjodor I var tsar over Russland. Då Fjodor døydde i 1598 greip Boris Godunov makta og vart utnemnd til tsar, etter han hadde fått rydda Fjodor sin bror, Dmitrij, or vegen. Han var den fyrste russiske herskaren som ikkje stamma frå den mytiske kong Rurik.
Boris vart møtt med sterk motstand frå adelen, og førte etterkvart eit hardstyre. Adelen allierte seg med kongen av Polen, dermed tok den store urotida i russisk historie til i Boris siste år ved makta. Fjodor II, son til Boris Godunov, tok over som tsar i 1605, men vart styrta kort tid etter han kom til makta.
Etterrakst
[endre | endre wikiteksten]Diktaren Aleksandr Pusjkin skreiv i 1825 dramaet Boris Godunov, medan Modest Musorgskij nokre tiår seinare komponerte operaen Boris Godunov.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Boris Godunov» frå Wikipedia på svensk, den 20. mars 2014.