Christian Ziege
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Christian Ziege | ||
Fødselsdato | 1. februar 1972 (52 år) | ||
Fødestad | Vest-Berlin i Vest-Tyskland | ||
Høgd | 188 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1990-1997 | Bayern München | 185 | (38) |
1997-1999 | Milan | 39 | (4) |
1999-2000 | Middlesbrough | 6 | (29) |
2000-2001 | Liverpool | 16 | (1) |
2001-2004 | Tottenham | 47 | (7) |
2004-2005 | Borussia M'gladbach | 13 | (0) |
Totalt | 329 | (56) | |
Landslag | |||
1993-2004 | Tyskland | 72 | (9) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Christian Ziege (fødd 1. februar 1972) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Berlin. Venstrebacken vart europameister med Tyskland i 1996 og vann UEFA-cupen med Bayern München same året. Han vart dessutan seriemeister i Tyskland to gongar og ein gong i Italia.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Ziege spelte på Bayern München i 1990–97. Med den tyske toppklubben vann han Bundesliga i 1994 og UEFA-cupen to år seinare. Sommaren 1997 vart han overført til AC Milan i Italia, og vart seriemeister med laget frå Milano i 1999. Deretter gjekk turen til engelsk klubbfotball og Middlesbrough FC 1999/2000, Liverpool FC 2000/01 og Tottenham Hotspur 2001–04. Med Liverpool FC var han med å vinne ligacupen 2001, men fekk elles lite speletid. Etter ein heller svak 2004/05-sesong i heimlege Borussia Mönchengladbach la han opp.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Ziege fekk sin landslagsdebut i Washington D.C. 10. juni 1993, då Brasil og Tyskland spelte uavgjort 3-3. Han var ute av landslaget i heile 1994. To år seinare var han fast i fyrsteellevaren då Tyskland vann fotball-EM 1996 etter finalesiger 2-1 i London på «golden goal» mot Tsjekkia. Sidan deltok han fotball-VM 1998, EM i fotball 2000 og VM 2002. I VM-finalen 2002 i Yokohama, som enda med tysk 0-2 tap mot Brasil, var han innbytar. Etter den kampen aksla han den tyske landslagsdrakta ein einaste gong, då Tyskland i mai 2004 i Freiburg im Breisgau feia Malta av bana med 7-0. Dermed vart han ståande med 72 landskampar, og ni skåringar. Tre av måla kom elles i ein EM-kvalifiseringskamp mot Nord-Irland i september 1999, eit oppgjer som Tyskland vann 4-0.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Europameister: 1996 med Tyskland
- VM-sølv: 2002 med Tyskland
- Vinnar av UEFA-cupen: 1996 med Bayern München
- Tysk seriemeister: 1994 og 1997 med Bayern München
- Vinnar av Serie A: 1999 med AC Milan
- Ligacupvinnar i England: 2001 med Liverpool FC
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Christian Ziege» frå Wikipedia på tysk, den 27. april 2017.
- Einskildmenn
- Fødde i 1972
- Bayern München-spelarar
- Milan-spelarar
- Tottenham-spelarar
- Liverpool-spelarar
- Middlesbrough-spelarar
- Borussia Mönchengladbach-spelarar
- Tyske fotballspelarar
- Spelarar i Fotball-EM 1996
- Spelarar i Fotball-VM 1998
- Spelarar i Fotball-EM 2000
- Spelarar i Fotball-VM 2002
- Spelarar i Fotball-EM 2004