Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Den utøvande makta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utøvande makt er makt til å iverksette, handheve og oppretthalde lover og lovlege beslutningar. Utøvande makt er eit av dei tre maktområda som blir definerte og haldne frå kvarandre under maktfordelingsprinsippet. Dei to andre er lovgjevande makt og dømmande makt. Utøvende makt ligg vanlegvis hos monarkar, presidentar og regjeringar.

I Noreg, der den utøvande makta ligg hjå regjeringa og den lovgjevande makta hjå Stortinget, kan det hevdast at den utøvande makta er svekka i forhold til den lovgjevande makta etter innføringa av parlamentarismen i 1884, i og med at regjeringa må gå dersom ho får fleirtalet i Stortinget mot seg. Statsforvaltinga eller statsadministrasjonen er kjernen i den utøvende makta.

Personen eller stillinga som har den utøvande makta er som regel ein regjeringssjef. I ein republikk kan den utøvande makta ligge hos presidenten, som i USA. I slike tilfelle er dei to stillingane statsoverhovud og regjeringssjef slått saman. I andre republikkar er det presidentar med mest formelle funksjonar, som til dømes i Island og Tyskland. I eit monarki låg i tidlegare tider den utøvande makta hos monarken, kongen, keisaren osv. I våre dagar er det berre eit fåtal monarkar som har reell utøvande makt.

I nokre land som både praktiserer parlamentarisme og maktfordeling, som Frankrike, må regjeringssjefen stå til ansvar både for statssjefen og dei folkevalde.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.