Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Det greske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det greske flagget

Det greske flagget har 5 blå og 4 kvite vassrette striper i vekslande rekkjefylgd, med ein kvit kross på blå botn øvst inne ved stonga. Flagget vart teke i bruk ved sjølvstendet i 1822 og har opp gjennom tidene hatt ulike blåtonar. Flagget er brukt i same form som nasjonalflagg, handelsflagg, statsflagg og orlogsflagg.

I eldre tid brukte privatpersonar også eit enklare flagg med kvit kross på blå botn. Dette flagget vart offisielt avskaffa i 1970, men teke i bruk att som statsflagg 1975–78.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Det greske flagget