Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Ellen DeGeneres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellen DeGeneres

Statsborgarskap USA
Fødd 26. januar 1958 (66 år)
Metairie, Louisiana
Yrke skodespelar, arrangementvert, manusforfattar, programleiar, talk-show-vert, TV-produsent, komikar, fjernsynsskodespelar, skribent, filmskodespelar, stemmeskodespelar, LHBT-aktivist
Språk engelsk
Formue 330 000 000 US-dollar
Høgd 171 centimeter
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Far Elliott Everett DeGeneres Jr.
Mor Betty DeGeneres
Ektefelle Portia de Rossi
Partnar Anne Heche, Alexandra Hedison
Nettstad https://www.ellentube.com
Ellen DeGeneres på Commons

Ellen Lee DeGeneres (fødd 26. januar 1958 i Louisiana) er ein amerikansk standupkomikar, skodespelar og talkshowvert.

Ellen har sidan 2003 hatt sitt eige talkshow, som heiter The Ellen DeGeneres Show. Showet vert mellom anna sendt i NoregTV 2 og på TV 2 Bliss.

Frå 1994 til 1998 spelte Ellen i sitcomserien Ellen, som opphavleg hadde namnet These Friends of mine. Ellen hadde hovudrolla som Ellen Morgan. I sesong fire stod rollefiguren Ellen Morgan fram som lesbisk, i episoden som fekk namnet The Puppy Episode. Det same gjorde Ellen DeGeneres, ved å stadfeste på framsida av Time Magazine, at "Yep, I'm Gay!" Serien blei avslutta etter sesong fem, grunna låge sjåartal. I 2001 spelte Ellen DeGeneres i ein ny sitcom, The Ellen Show. Denne serien vart avslutta etter berre éin sesong. Betty White har mellom anna hatt ei gjesterolle i serien.

Ellen har leidd ei rekkje prisutdelingar, mellom anna The Emmy Awards og The Academy Awards og vore meddomar i programma So You Think You Can Dance og American Idol.

Ellen bur i Beverly Hills saman med kona, Portia de Rossi (Portia Lee James DeGeneres), tre hundar og fire kattar. Både Ellen og Portia er veganarar.