For Your Love
«For Your Love» Singel av The Yardbirds | ||
B-side |
«Got To Hurry» | |
---|---|---|
Utgjeve | Februar 1965 | |
Sjanger | Pop, bluesrock, psykedelisk rock | |
Lengd | 2:30 | |
Selskap | Columbia DB 7499 (UK) Epic 9790 (US) | |
Komponist | Graham Gouldman | |
Tekstforfattar | Graham Gouldman | |
Låtskrivar(ar) | Graham Gouldman | |
Produsent | Giorgio Gomelsky | |
The Yardbirds-kronologi | ||
«Good Morning Little Schoolgirl» (1964) | «For Your Love» | «Heart Full of Soul» (1965)
|
«For Your Love» er ein song skriven av det framtidige 10cc-medlemmet Graham Gouldman og framført av The Yardbirds i 1965. Dei gav songen ut på singel og han nådde tredjeplass i Storbritannia og sjetteplass i USA, som var den høgaste plasseringa dei oppnådde der.
Songen har òg vorte spelt av Herman's Hermits, Fleetwood Mac, Humble Pie, The Greg Kihn Band, Nils Lofgren, Chilly og Graham Gouldman sjølv.
Gouldman skreiv songen då han 19 år gammal arbeidde i ein klesbutikk nær Salford Docks og om kveldane spelte med det halvprofesjonelle Manchester-bandet The Mockingbirds.[1]
Han sa bandet bad han skrive songar for dei fordi dei ikkje klarte å finne nye songar å spele. Inspirert av The Beatles tenkte han at kanskje dette var noko han også kunne klare. Han skreiv to songar, men plateselskapet likte berre den eine. Den andre var «For Your Love», som til slutt hamna hos the Yardbirds.[2]
Gouldman sin manager, Harvey Lisberg, var så imponert over songen at han sa til Gouldman dei burde gje han til The Beatles.[3] Lisberg høyrte ikkje på han og tok ein demo med seg til forleggaren Ronnie Beck, som tok han vidare til Hammersmith Odeon, der the Beatles skulle spele. Tilfeldigvis spelte The Yardbirds på same konsert, og Beck spelte songen for manageren deira Giorgio Gomelsky og bandet.[1]
I 1965 var The Mockingbirds fast innslag som oppvarming for Top of the Pops, som var sendt frå Manchester.[4] Gouldman fortalte: «Det var ei rar hending då The Yardbirds dukka opp på showet og spelte 'For Your Love'. Alle samla seg rundt dei og der stod eg i ei anonym gruppe. Eg kjende meg rar den kvelden då eg høyrte dei spele min song.»[1]
Trass i suksessen «For Your Love» gav The Yardbirds, førte han til at gitarist Eric Clapton, slutta i bandet, som ein protest på den nye poporienterte retninga bandet hadde tatt. Clapton vart då med i John Mayall & the Bluesbreakers.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1965) | Plassering |
---|---|
UK Singles (The Official Charts Company)[5] | 3 |
UK Singles (NME)[6] | 1 |
Canada Singles (RPM)[7] | 1 |
US Billboard Hot 100[5] | 6 |
Ireland Irish Singles Chart | 10 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «For Your Love» frå Wikipedia på engelsk, den 2. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 George Tremlett (1976). The 10cc Story. Futura. ISBN 0-86007-378-5.
- ↑ Graham Gouldman intervjua på «I Write the Songs», BBC Radio Wales, 25. desember 2006[daud lenkje]
- ↑ Kommentar på Kirsty MacColl si nettside, arkivert frå originalen 13. oktober 2007, henta 2. april 2009
- ↑ «Q Rock Stars Encyclopedia» av Dafydd Rees og Luke Crampton, Dorling Kindersley, 1999
- ↑ 5,0 5,1 Koda, Cub; Russo, Gregg (2001). Ultimate! (Boxed set booklet). The Yardbirds. Los Angeles: Rhino Records. s. 27, 30, 44. OCLC 781357622. R2 79825.
- ↑ Rees, Dafydd; Lazell, Barry; Osborne, Roger (1995). Forty Years of "NME" Charts (2nd utg.). Pan Macmillan. s. 152. ISBN 0-7522-0829-2.
- ↑ «RPM - Item Display: Top Singles - Volume 3, No. 17, 21. juni 1965» (PDF). RPM. Canada: Library and Archives Canada. 31. mars 2005.