Heart Full of Soul
Utsjånad
«Heart Full of Soul» Singel av The Yardbirds | ||
B-side |
«Steeled Blues» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juni 1965 | |
Sjanger | Rock, bluesrock, psykedelisk rock | |
Lengd | 2:27 | |
Selskap | Columbia DB 7594 (UK) Epic 9823 (US) | |
Låtskrivar(ar) | Graham Gouldman | |
Produsent | Giorgio Gomelsky | |
The Yardbirds-kronologi | ||
«For Your Love» (1965) |
«Heart Full of Soul» | «Evil Hearted You» (1965)
|
«Heart Full of Soul» er ein song av The Yardbirds frå 1965. Han vart skriven av Graham Gouldman, som seinare hadde ein lang karriere i bandet 10cc.
Singenl nådde niande plass i USA, andreplass i Storbritannia og tiandeplass i Noreg. Songen er ein av dei første der det vert nytta fuzzbox, av gitarist Jeff Beck, på gitarsoloen. Opphavleg vart det meininga at bandet skulle nytte ein sitar i tråd med den «austlege» stemninga i songen, men lyden vart for tynn og i staden laga Beck ein sitarliknande effekt på gitaren. Det finst ei utgåve på ei samleplate med sitar.[1]
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1965) | Plassering |
---|---|
UK Singles (The Official Charts Company)[2] | 2 |
Canada RPM 100[3] | 2 |
Noreg (VG-lista)[4] | 10 |
Den tyske singellistas[4] | 7 |
US Billboard Hot 100[2] | 9 |
US Cash Box Top Singles[2] | 12 |
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]- Box of Frogs, med Roger Chapman, spelte songen på album Strange Land (1986).
- Heavy metal-bandet Dokken spelte songen på albumet Long Way Home (2002).
- Graham Gouldman, som skreiv songen, spelte songen på soloalbumet And Another Thing... (2000).
- Chris Isaak spelte songen på debutalbumet Chris Isaak (1986), som òg er på samlealbumet Wicked Game (1991).
- Rush spelte songen på EP-en Feedback (2004).
- Venerea spelte songen på albumet Shake Your Swollen Body (2003).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heart Full of Soul» frå Wikipedia på engelsk, den 2. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bellman, Jonathan (1998). The Exotic in Western Music, s. 297. Northeastern University Press. ISBN 1-55553-319-1.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Koda, Cub; Russo, Gregg (2001). Ultimate! (Boxed set booklet). The Yardbirds. Los Angeles: Rhino Records. s. 30, 45, 48. OCLC 781357622. R2 79825.
- ↑ «RPM 100 – Week of October 04 1965». Libraries and Archives Canada. Henta 4. august 2016.
- ↑ 4,0 4,1 «The Yardbirds – Heart Full of Soul (Song)». norwegiancharts.com. Henta 4. august 2016.