Historisk kjelde
Utsjånad
Innafor historievitskap er nemninga kjelde brukt for å vise til tekstar, gjenstandar eller kjensgerningar. Barthold Georg Niebuhr, sonen til Carsten Niebuhr, var ein av dei første som definerte dette omgrepet.
Kjeldetypar
[endre | endre wikiteksten]- Førstehandskjrlder er samtidige vitnesbyrd som augevitneskildringar og dokument utført av personar som sjølv har opplevd hendinga
- Andrehandskjelder er seinare vitnesbyrd eller basert på andrehandskjelder (til dømes ei nedskriveb kjelde basert på ei munnleg overlevering)
Vi skil mellom primære og sekundære kjelder. Primære kjelder ligg tidsmessig nær på hendinga, sekundære kjelder er seinare.
Former
[endre | endre wikiteksten]Kjelder kan til dømes vera:
- skriftlege (dokument, erindringar, brev og liknande)
- bilete (fotografi, måleri)
- materielle gjenstandar, (t.d. byggemateriale, myntar, gravfunn)
- segl
Verdi
[endre | endre wikiteksten]Verdien til kjeldene er avhengig av kva for opplysingar som skal bli utleidd av dei. For å bruke ei kjelde må ho blir underkasta kjeldekritikk, eller ei systematisk drøfting av i kva grad vi kan stole på henne, eller rettare kva aspekt ved henne som vi kan stole på. Er kjelda tendensiøs (part i saka)? Kan ho gje dei opplysingane ein leitar etter?
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kilde (historievidenskab)» frå Wikipedia på dansk, den 14. september 2019.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Axel Bolvig: "»Med passende ændringer«. Historisk metode i fokus" (Fund og Forskning, Bind XXIX; 1990)
- Harry Christensen: "Erslev, positivismen og syntesen" (Historie/Jyske Samlinger, Ny række, Bind 15; 1983)
- H. P. Clausen: "Målsætning og hjælpemidler i metodeundervisningen" (Historie/Jyske Samlinger, Ny række, Bind 7; 1966)
- Ottar Dahl: "Terminologi og systematikk i kildeteorien" (Historie/Jyske Samlinger, Ny række, Bind 7; 1966)
- Bernard Eric Jensen: "Et bidrag til revisionen af metodelærens grundlag" (Historisk Tidsskrift, 13. række, Bind 3; 1976)
- Henrik S. Nissen: "Træk af den historisk-metodiske debat i Norden i 1960-erne og -70-erne" (Historisk Tidsskrift, 14. række, Bind 1; 1980)
- Jakob Pasternak: "Den halvrustne kildekritik" (Historie/Jyske Samlinger, Ny række, Bind 11; 1974)
- E. Ladewig Petersen: "Omkring Erik Arup: Struktur og grænser i moderne dansk historieforskning (ca. 1885-1955)" (Historisk Tidsskrift, 13. række, Bind 5; 1978)
- Niels Skyum-Nielsen: "Om første og anden rangs kilder. En replik" (Historisk Tidsskrift, 11. række, Bind 6; 1960)