Hurfeish
Utsjånad
Hurfeish | |||
חֻרְפֵישׁ, חורפיש | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Tornebusk | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 33°1′4.36″N 35°20′46.49″E / 33.0178778°N 35.3462472°E | ||
Areal | 4,23 km² | ||
Folketal | 5 200 (2006) | ||
Folketettleik | 1 229 / km² | ||
Bystatus | 1967 | ||
Hurfeish 33°01′04″N 35°20′46″E / 33.017777777778°N 35.346111111111°E | |||
Kart som viser Hurfeish.
| |||
Wikimedia Commons: Hurfesh |
Hurfeish (arabisk حرفيش, hebraisk חֻרְפֵישׁ) er ein drusisk by i Det nordlege distriktet i Israel.
Hurfeish vart kringsett av den israelske hæren under Operasjon Hiram i oktober 1948. Ein plan av det israelske forsvaret om å utvise folkesetnaden i desember 1949, vart stoppa av utanriksdepartementet.[1]
Hurfeish fekk status som lokal kommune i 1967. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde han eit folketal på 5 200 i 2006, med ein vekstrate på 1,9%. Dei fleste innbyggjarane er drusarar, med eit lite tal av kristne og muslimar. Mange av innbyggjarane tener som politi eller i det israelske forsvaret.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hurfeish» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.242 251,349
- ↑ Hurfeish-Nabi Salaban, arkivert frå originalen 19. juni 2013, henta 6. desember 2014