Il Canto degli Italiani
«Il Canto degli Italiani» (Songen åt italienarane), blant italienarar oftast kjend som «Inno di Mameli» ('Hymnet åt Mameli') etter tekstforfattaren, eller «Fratelli d'Italia» ('Brør av Italia') etter førstelinja, er den italienske nasjonalsongen.
Songen blei skriven hausten 1847 av den tjueårige studenten Goffredo Mameli i Genova, i eit miljø prega av patriotisme og arbeid for sjølvstende og lausriving frå Austerrike-Ungarn. Diktet til Mameli blei tonesett nokre månader seinare av Michele Novaro, som også var frå Genova, i Torino.[1] Songen blei utbreidd under den påfølgjande italienske samlingstida kjen som Risorgimento.
Etter at Italia blei sameint i 1861 nytta landet «Marcia Reale», 'Kongemarsjen', som nasjonalsong. Dette var ein song laga for kongehuset Savoy i 1831. I 1946, då Italia blei republikk, tok ein i bruk «Il Canto degli Italiani» som nasjonalsong. Dette var opphavleg tenkt som ein midlertidig song, men ein heldt fram å bruka han, og 17. november 2005 blei han erklært nasjonalsong ved lov.
Første verset og refreng | Ordrett omsetjing |
---|---|
|
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Teksten til Il Canto degli Italiani ved Wikisource. |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Il Canto degli Italiani» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2011.
- Fotnotar
- ↑ Italy - Il Canto degli Italiani/Fratelli d'Italia, NationalAnthems.me, henta 24. november 2011