Inkaer
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Inkariket.
Inkaer | |
Kvitbrystinka, Coeligena torquata Foto: Tad Boniecki
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Lesbiinae |
Stamme: | Heliantheini |
Slekt: | Inkaer Coeligena Lesson, 1832 |
Inkaer (Coeligena) er ei biologisk slekt av mellomstore til store, snøgt flygande kolibriar som lever i høglandet i Andesfjella frå midt i Bolivia i sør, nordover til nordlegaste Colombia og nordvestre Venezuela.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Inkaer har kroppslengd på frå 11 til 14,5 cm og veg mellom 6 og 8 gram. Dei har 28–34 mm lange, rette, nesten nåleliknande nebb, og syner kjønnsdimorfisme i lengda på nebbet. Når dei sit på ei grein held dei nebbet litt oppeikande.[1] Dei fleste artane har ein liten kvit flekk bak auget. Medan artane har liknande kroppsbygging og proporsjonar, varierer dei mykje i fjørdrakt.
Desse artane flyg med stor snøggleik, dei fleste av artane nyttar ei fast rute og vitjar dei einskilde blomane med lange intervall mellom vitjingane.[1]
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Det er 11 aksepterte artar i slekta. Nokre artar som bronseinka og kvitbrystinka er vidt utbreidde, medan andre som svartinka og Coeligena orina har særs avgrensa utbreiing. Nokre artar lever i små isolerte habitat i dei fjellrike områda av Sierra Nevada de Santa Marta i det nordlege Colombia, og i Cordillera del Condor i Ecuador.
Coeligena i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[3] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[4]
- Bronseinka, Coeligena coeligena, Bronzy inca, (Lesson, RP, 1833), (LC)
- Bruninka, Coeligena wilsoni, Brown inca, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
- Svartinka, Coeligena prunellei, Black inca, (Bourcier, 1843), (VU)
- manglar norsk namn, Coeligena conradii, Green inca, (Bourcier, 1847), (LC)
- Kvitbrystinka, Coeligena torquata, Collared inca, (Boissonneau, 1840), (LC)
- manglar norsk namn, Coeligena inca, Gould's inca, (Gould, 1852), (LC)
- Fiolettstrupeinka, Coeligena violifer, Violet-throated starfrontlet, (Gould, 1846), (LC)
- Regnbogeinka, Coeligena iris, Rainbow starfrontlet, (Gould, 1853), (LC)
- Kvithaleinka, Coeligena phalerata, White-tailed starfrontlet, (Bangs, 1898), (NT)
- Oreadeinka, Coeligena orina, Dusky starfrontlet, Wetmore, 1953, (EN)
- Opalvenginka, Coeligena lutetiae, Buff-winged starfrontlet, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
- manglar norsk namn, Coeligena consita, Perija starfrontlet, Wetmore & Phelps, WH Jr, 1952, (EN)
- Gyllenbukinka, Coeligena bonapartei, Golden-bellied starfrontlet, (Boissonneau, 1840), (LC)
- manglar norsk namn, Coeligena eos, Golden-tailed starfrontlet, (Gould, 1848), (LC)
- Rosenbukinka, Coeligena helianthea, Blue-throated starfrontlet, (Lesson, RP, 1839), (LC)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Waldnymphen» frå Wikipedia på tysk, den 26. mai 2015.
- Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Ridgeley og Greenfield
- ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 6. juli 2023.
- ↑ «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023.