Jernsporv
Jernsporv | |
Jernsporv | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Jernsporv | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Jernsporvfamilien Prunellidae |
Slekt: | Jernsporvar Prunella |
Art: | Jernsporv P. modularis |
Vitskapleg namn | |
Prunella modularis |
Jernsporv eller jarnsporv (Prunella modularis) er ein liten sporvefugl som held til i tempererte delar av Europa og Asia aust til Ural og Iran, og som ein introdusert art på New Zealand. I Noreg er han ein trekkfugl som kjem i april/mai.
Den stillfarande jernsporven kjem hit i mars/april og byggjer reiret sitt i små einar eller i grantre. Jernsporvreiret er bygt av grøn mose med tilsetting av skjegglav, strå, kvist og fora med raude sporehusstilkar frå mose.
Tidleg i mai stiller hannfuglen seg opp i toppen av eit grantre eller liknande og framfører sin spinkle, melodiøse song. Fuglen er sky og vanskeleg å kome nær.
Egga (5-6) er blågrøne. Rugetida er som for andre småfuglar, 12-14 dagar. Det er hoa som rugar. Ungane vert i reiret i 10-14 døgn, og vert fora av begge foreldra. Foreldra held fram med foringa dei to første vekene etter at ungane har forlate reiret. Ungane vert fora med insekt, som også er hovudføde til dei vaksne fuglane om våren og sommaren. Elles et fuglane noko frø, og om hausten litt bær. Mesteparten av næringa vert funne på marka. Fuglen kan ha to kull.
Jernsporvane flyg ut av landet i september-oktober. Vinterkvartera ligg i det sørvestlege Europa. Det hender at jernsporvar overvintrar langs kysten frå Østfold til Møre. Dei finst sjeldan lengre nord. Denne tida er dei aldri å sjå flokkvis, berre aleine eller i par.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Reir med jernsporvegg
-
Egg av gauk (Cuculus canorus canorus) og jernsporv.
-
Film
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Fugleatlas, 1994.