Jettegryte
Ei jettegryte er ei grop i fast berg som mellom anna finst mange plassar i Noreg. Jettegrytene kan vera berre små, på storleik med ei vanleg gryte, og vidare alle variantar opp til fleire meter i diameter.
Ein finn dei fleste jettegrytene på stader som har vore dekte av isbrear, som Skandinavia, USA og Alpane. Ei velkjend jettegrytesamling er Gletscher-Garten i Lucerne, som har heile 32 gryter. Den største jettegryta i Nord-Europa ligg i Helvete i opplandskommunen Gausdal. Ho har ein diameter på 40 meter.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Dei vanlege jettegrytene blir danna under isbrear av ein prosess som blir kalla kavitasjon. Dette er noko som skjer når flytande vatn inne i breen under høgt trykk treffer berggrunnen under breen. Da vil vatnet fordampe i det det treffer berget og ein får eit enda større trykk som grev fjell. Ei stor jettegryte kan gravast ut med denne prosessen i løpet at eit par vekers tid.
Før trudde ein at det var stein sett i rørsle av vatn som danna jettegryter, men denne teorien er forlaten. Kavitasjon er også eit kjent problem i vasskraftverk der vatnet eroderer vekk skålene i turbinane.
Det finst au mange lokale legender om korleis jettegrytene har blitt danna. Ofte er det troll, jettar, inne i bildet.