Jigme Khesar Namgyel Wangchuck
Jigme Khesar Namgyel Wangchuck | |||
| |||
Konge av Bhutan | |||
Regjeringstid | 9. desember 2006– | ||
---|---|---|---|
Kroning | 6. november 2008 | ||
Fødd | 21. februar 1980 | ||
Fødestad | Katmandu | ||
Føregangar | Jigme Singye Wangchuck | ||
Gift med | Jetsun Pema | ||
Dynasti | Liste over Bhutans konger | ||
Far | Jigme Singye Wangchuck | ||
Mor | Ashi Tshering Yangdon Wangchuck | ||
Born | Jigme Namgyel Wangchuck, Jigme Ugyen Wangchuck, Sonam Yangden Wangchuck |
Jigme Khesar Namgyal Wangchuck (fødd 21. februar 1980) er den femte Druk Gyalpo (Drakekongen) i Bhutan, etter at dagens statsskikken vart innført av tippoldefaren hans i 1907. Han overtok trona etter faren 15. desember 2006, to år tidlegare enn opphavleg varsla.[1][2] Ein kroningsseremoni fann stad 6. november 2008.
Namgyal er eldstesonen til Jigme Singye Wangchuck og kona Ashi Tshering Yangdon.[3] Han har to yngre heilsøsken, og fire halvsøstrer og tre halvbrør som er barn til dei tre andre konene til faren.[4]
Han har studert ved Cushing Academy og ved Wheaton College, i Massachusetts før han tok eksamen ved Magdalen College ved Oxford University. Han studerte ved the Foreign Service Program og har ein mastergrad i statsvitskap.[5] Som kronprins reiste han mykje i utlandet, og han deltok i arbeidet i fleire kulturelle, sosiale og økonomiske organisasjonar.
Faren Jigme Singye Wangchuck sa i desember 2005 at han ville abdisere i 2008, og overlate trona til kronprinsen. Han sa og at arbeidet med å føre over ansvar og oppgåver ville bli ein løpande prosess.[6] Eit år seinare kunngjorde kongen at han kom til å abdisera straks.
I mars 2008 gav kongen frå seg den absolutte makta si og Bhutan blei eit konstitusjonelt monarki. I 2011 gifta han seg med Jetsun Pema, og i 206 fekk dei ein son.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Bhutan profile - Timeline». BBC News. 14. februar 20018.
- ↑ «His Majesty Jigme Khesar Namgyel Wangchuck becomes the fifth Druk Gyalpo». Kuensel Online. 15. desember 2006. Arkivert frå originalen 2. januar 2010. Henta 20. februar 2017.
- ↑ WANGCHUCK DYNASTY. 100 Years of Enlightened Monarchy in Bhutan. Lham Dorji
- ↑ Lawson, Alistair (4. november 2008). «Profile: Jigme Khesar Namgyel Wangchuck». BBC News.
- ↑ His Royal Highness Crown Prince Dasho Jigme Khesar Namgyal Wangchuck
- ↑ BBC, "Bhutan king announces abdication", 18. desember 2005
- ↑ «Bhutan's Queen Jetsun Pema gives birth to crown prince». BBC News. 6. februar 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om den bhutanske kongefamilien på nettstaden keystobhutan.com Arkivert 2008-10-14 ved Wayback Machine.
- Nasjonaldagstalen til kongen av Bhutan i 2005 Arkivert 2008-02-13 ved Wayback Machine.
- Om den bhutanske kongefamilien på nettstaden raonline.ch
- Om den bhutanske kongefamilien på nettstaden bhutannewsonline