Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Jim Shepard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jim Shepard

Statsborgarskap USA
Fødd 29. desember 1956 (67 år)
Bridgeport
Yrke skribent, universitetslærar

Jim Shepard (fødd 29. desember 1956) er ein amerikansk forfattar av romanar og noveller. Han underviser i forfattarkunst og film ved Williams College i Massachusetts.

Shepard var fødd i Bridgeport i Connecticut. Han tok graden B.A. ved Trinity College i 1978 og ein MFA ved Brown University i 1980. Han byrja seinare å undervisa i forfattarkunst og film ved Williams College. Han er gift med Karen Shepard, som også er forfattar. Dei sit i redaksjonen til det litterære magasinet The Common, som er basert ved Amherst College.[1]

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Shepard har gjeve ut verk i McSweeney's, Granta, The Atlantic Monthly, Esquire, Harper's, The New Yorker, The Paris Review, Ploughshares,[2] Triquarterly og Playboy. Novellesamlinga hans Like You'd Understand, Anyway vann Story Prize i 2007, og blei nominert til National Book Award i 2007. Romanen Project X vann Massachusetts Book Award 2005.

Forteljingane itl Shepard byggjer ofte på historisk forsking og verkelege hendingar. Novellesamlinga hans Like You'd Understand Anyway, inneheld soger om den greske dramatikaren Aiskylos, Tsjernobylulukka og langfredagsjordksjelvet i Alaska i 1964. Samlinga nemner over seksti sakpeosaverk som hjelpte forfattaren med å få historiske detaljar inn i forteljingane. Samlinga You Think That's Bad frå 2011 har også ein omfattande bibliografi, som Avalanches and Snow Safety, The Japanese Earthquake of 1923, Climate Changes and Dutch Water Management og Satanism and Witchcraft. Romanen hans The Book of Aron frå 2015 involverte grundig forsking kring Holocaust, som han omtalte som «kritisk viktig».[3]

Shepard vann Rea Award for the Short Story for 2016.

Forfattaren utvikla saman med forfattaren Ron Hansen novella «The World to Come», til ei filmmanus som blei til ein film med same namn frå 2020, regissert av Mona Fastvold.

Romanar

Novellesamlingar

  • Batting against Castro (1996)
  • Love and Hydrogen (2004)
  • Like You'd Understand, Anyway (2007)
  • You Think That's Bad (2011)
  • The World to Come (March 2017)

Diverse

  • Red. med Ron Hansen, You've Got to Read This: Contemporary American Writers Introduce Stories that Held Them in Awe (1994)
  • Red. med Amy Hempel, Unleashed: Poems by Writers' Dogs (1995)
  • Red., Writers at the Movies: Twenty-six Contemporary Authors Celebrate Twenty-six Memorable Movies
  1. «About». The Common. Henta 9. september 2013. 
  2. «Author Details: Jim Shepard». Ploughshares. 13. august 2010. Henta 9. september 2013. 
  3. Diebel, Linda (16. mai 2015). «Toronto Star». thestar.com. Henta 17. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jim Shepard