Jordskin
Utsjånad
Jordskin er reflektert lys frå jorda. Nokre dagar før og etter nymåne, når fasen er liten, kan ein sjå heile måneskiva i eit svakt grått lys. Årsaka til dette er at jorda reflekterer sollyset (jordskin). Ved nymåne vender jorda heile den opplyste sida si mot månen, slik at lyset då blir sterkast. Ein kan kalle det «fulljord» på månen.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Jordskinn», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014