Kabuki
Kabuki (歌舞伎, かぶき ) er ei japansk teaterform som oppstod på byrjinga av 1600-talet. Kabuki er kjend for ein stilisert spelestil og ei spesiell sminking, den såkalla kumadori-sminkinga. Kraftfulle liner i raudt, blått eller svart skal understreke rørslene til ansiktsmusklane og symboliserer den grunnleggande karakteren til rollefiguren.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Teaterforma blei innført i 1603 av Izumo no Okuni, ei ung jente som tente som miko i Kyoto, då ho tok til å framføra ei ny form for dansedrama på elvebreiddane. Spela, der kvinnelege skodespelarar framførte morosame stykke frå dagleglivet, blei raskt svært populære, og Okuni blei til og med beden om å spela for keisarhoffet.
Etter kvart blei det framført mange stykke som var svært dristige, for ikkje å seia uanstendige, mange av skodespelarane var prostituerte, og atmosfæren blant tilskodarane var ofte valdeleg. I 1629 blei det forbode for kvinner å spela skodespel med den uttrykte grunngjevinga at herskarane ville verna den offentlege moralen. Kabukitradisjonen fortsette med mannlege skodespelarar, men i same stilen, og også desse dreiv ofte med prostitusjon i tillegg til skodespelet. I 1652 forbaud shogunen derfor også unge menn å spela skodespel.
Kabuki blei gjeve status som immateriell verdsarv av UNESCO i 2005.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «2001~2100». Kabuki21.com. Henta 25. juli 2014.
- ↑ «UNESCO Culture Sector - Intangible Heritage - 2003 Convention :». Unesco.org. Henta 25. juli 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]