Karbontida
Karbon eller koltida er ein geologisk periode som strekkjer seg frå slutten av devon for om lag 359,2 ± 2,5 millionar år sidan til byrjinga av permtida for om lag 299,0 ± 0,8 millionar år sidan.[1] Ho har namn etter dei store førekomstane av karbon som finst i form av steinkol i dei geologiske laga frå denne tida.[2]
Karbontida var ei tid med isbredanning, lågt havnivå og fjelldanning då kontinent kolliderte og forma superkontinentet Pangea. Ei mindre utrydding av dyr i havet og på landjorda skjedde mot slutten av perioden som følgje av klimaendring.[3]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Virvellause sjødyr
[endre | endre wikiteksten]I havet var dei viktigaste virvellause sjødyrgruppene foraminiferar, koralldyr, mosdyr, armføtingar, ammonoidar og pigghudingar (særleg sjøliljer).
For første gong vart foraminiferar eit viktig sjødyr. Den store teinforma slekta Fusulina og slektningane var mangfaldige i det som no er Russland, Kina, Japan og Nord-Amerika. Andre viktige slekter var Valvulina, Endothyra, Archaediscus og Saccammina (sistnemnde var vanleg i Storbritannia og Belgia). Nokre slekter frå karbon eksisterer framleis.
Dei mikroskopiske skjela til stråledyr i flint i elva Culm i Devonshire og Cornwall i England og i Russland, Tyskland og nokre andre stader. Svampar er kjende frå spiklar og bestod av forskjellige former som Calcispongea Cotyliscus og Girtycoelia og slekta av den uvanlege glassvampen Titusvillia.
Både revbyggjande og isolerte korallar vart mangfaldige og talrike. Desse inkluderer både rugosa (som Canina, Corwenia, Neozaphrentis), heterokorallar og tabulata (som Chaetetes, Chladochonus, Michelinia).
Mosdyr var mangfaldige i enkelte område. Armføtingar var òg mangfaldige, og av desse finn ein productidar, som Gigantoproductus, som vart særs store (for å vere armføtingar) og hadde tjukke skjel.
Leddmakk som spirorbiar og serpulitar er vanlege fossil i enkelte område. Sniglar er òg talrike. Trilobittar er sjeldnare enn i tidlegare periodar og er berre representert av ei gruppe.
Av pigghudingar er sjøliljer dei mest talrike. Tette teppe med sjøliljer ser ut til å ha trivest i dei grunne hava og restane deira vart forsteina i tjukke berglag.
-
Aviculopecten subcardiformis; ein musling frå Loganformasjon (nedre karbon) frå Wooster i Ohio.
-
Syringothyris sp.; ein spiriferid armføting frå Loganformasjonen.
-
Helminthopsis ichnosp.; eit sporfossil frå Loganformasjonen.
-
Sjøliljesøyle frå Loganformasjonen.
-
Conulariid frå nedre karbon i Indiana. Skala i mm.
-
Tabulatkorall i Boone-kalkstein (nedre karbon) nær Hiwasse i Arkansas. Skala er 2 cm.
Planter
[endre | endre wikiteksten]Landplanter frå tidlegkarbon likna dei ein finn seint i devon, men det oppstod òg nye grupper.
Planter frå tidleg karbon var sneller, Sphenophyllum, kråkeføter, Lepidodendrales, bregner, Filicales, Medullosales og Cordaitales. Desse dominerte gjennom perioden, men i sein karbon dukka fleire andre grupper opp, som konglepalmar, Callistophytales og Voltziales.
Kråkefot-tre av ordenen Lepidodendrales, som var i slekt med (men ikkje forgjengar til) kråkeføter, var store tre med stammar som var opp mter høge og 1,5 meter i diameter. Blada til nokre av bregnene frå karbon er nesten identiske med dei ein ser i dag. Truleg var mange av artane epifyttiske. Av sneller var det slekter som Calamites, med ein stammediameter på 30 til 60 cm og ei høgd på opp til 20 meter.
Cordaites var ei høg plante (6 til over 30 meter) med reim-liknande lauv, og var i slekt med konglepalmar og bartre. Desse plantene meiner ein levde i sumpar og mangrover. Verkelege bartre (Walchia i ordenen Voltziales) dukkar opp seinare i karbon og føretrekte høgare og tørrare jord.
Virvellause landdyr
[endre | endre wikiteksten]Ein kjenner til insekt, tusenbein og edderkoppdyr frå sein karbon, men det er ikkje funne fossil tilbake til tidleg karbon. Mangfaldet når dei dukkar opp viser derimot at desse leddyra var både godt utvikla og talrike. Dei var store, noko som truleg kjem av dei fuktige omgjevandane dei levde i og det høge oksygeninnhaldet i jordatmosfæren (35 % av atmosfæren, mot 21 % i dag). Dette kravde mindre for å puste og leddyra, som ikkje har lunger, kunne vokse seg store. Av innsektgrupper finn ein dei store rovdyra (orden Protodonata, «gribbfloger»), som Meganeura, eit gigantisk augestikkar-liknande insekt med eit vengespenn på om lag 75 cm og det største fykande insektet som nokon gong har eksistert på jorda. Andre grupper er Syntonopterodea (slektningar til dagens døgnfluge), dei talrike og sevjesugande Palaeodictyopteroidea, dei mangfaldige planteetande Protorthoptera og talrike basale Dictyoptera. Mange insekt er funne frå i kolfelt i Saarbruck og Commentry og i hole trestammer av fossile tre i Nova Scotia.
Tetrapodar
[endre | endre wikiteksten]Amfibiar i karbon var mangfaldige og talrike frå midten av perioden, faktisk meir mangfaldige enn i dag. Enkelt av dei var opp til seks meter lange og dei som var heilt landlege som vaksne hadde skjelskinn.[4] Enkelte av amfibiane i karbon var akvatiske og levde i elvar, medan andre levde på land og i vatn.
Ein av dei største nyskapningane i karbon var amniotegg, som gjorde at tetrapodane kunne utnytte landjorda enno meir. Dette inkluderte dei tidlegaste krypdyra (Hylonomus) og dei tidlegaste kjende synapsidane (Archaeothyris). Desse små øgleliknade dyra var opphavet til mange etterkomarar. Amniotegga gjorde at desse stamfedrane til alle seinare fuglar, pattedyr og krypdyr kunne forplante seg på land utan at fosteret tørka ut. Mot slutten av karbon hadde alt amniotane utvikla seg til mange forskjellige grupper, som Protorothyrididae, Captorhinidae, Araeoscelidia og fleire familiar av pattedyrliknande krypdyr.
Under den siste epoken av karbon, gzhelium, utvikla reptilane seg kraftig på grunn av stadig tørrare klima.[5]
Masseutryddingar
[endre | endre wikiteksten]I midten av karbon var det ei masseutrydding som truleg vart skapt av klimaendringar. Ei mindre masseutrydding fann stad mot slutten av karbon.
I Noreg
[endre | endre wikiteksten]I Noreg var landmassen sliten ned til eit flatt område mot slutten av karbon, og i det som no er Oslofeltet breidde ei havbukt seg innover. Området her byrja å søkkje inn langs forkastingar. Dei første vulkanane her førte til lavastraumar som i dag ligg oppå raud slamstein og sandstein. Dette kan ein til dømes sjå ved Horten, Semsvann og Kolsås.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Carboniferous Period», ucmp.berkeley.edu, henta 16. januar 2024
- ↑ Bryhni, Inge; Delsett, Lene Liebe (23. august 2023). «karbon – periode». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Sahney, Benton & Falcon-Lang 2010.
- ↑ Stanley, 411-12.
- ↑ M. Alan Kazlev (1998) The Carboniferous Period of the Paleozoic Era: 299 to 359 million years ago, Palaeos.org, Retrevied on 2008-06-23
- Denne artikkelen bygger på «Carboniferous» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Dudley, Robert. "Atmospheric Oxygen, Giant Paleozoic Insects og the Evolution of Aerial Locomotor Performance." Journal of Experimental Biology 201, 1043-50 (1998) (PDF) Arkivert 2006-11-02 ved Wayback Machine.
- Ogg, Jim; June, 2004, Overview of Global Boundary Stratotype Sections og Points (GSSP's) http://www.stratigraphy.org/gssp.htm Vitja 22. august 2008
- Sahney, S.; Benton, M.J.; Falcon-Lang, H.J. (2010). «Rainforest collapse triggered Pennsylvanian tetrapod diversification in Euramerica». Geology 38 (12): 1079–1082. Bibcode:2010Geo....38.1079S. doi:10.1130/G31182.1.
- Stanley, Steven M. Earth System History. New York: W.H. Freeman og Company, 1999. ISBN 0-7167-2882-6
- Andre kjelder
- «karbon – tidsavsnitt» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Karbontida | |||||
---|---|---|---|---|---|
Mississippitida | Pennsylvaniatida | ||||
Nedre/Tidleg | Mellom | Øvre/Sein | Nedre/Tidleg | Mellom | Øvre/Sein |
Tournaisium | Viséum | Serpukhovium | Bashkirium | Moskovium | Kasimovium | Gzhelium |
Paleozoikum | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kambrium | Ordovicium | Silur | Devon | Karbon | Perm |