Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Cornwall

Koordinatar: 50°18′N 4°54′W / 50.3°N 4.9°W / 50.3; -4.9
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cornwall
grevskap
Flagg
Motto: Onen hag oll (kornisk)
Ein og alle
Land  England
Region Sørvest-England
Del av England, Celtic nations
Areal 3 563 km²
Folketal 534 300  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonielt grevskap og einskaplege styresmakter
Kart
Cornwall
50°18′N 4°54′W / 50.3°N 4.9°W / 50.3; -4.9
Kart som viser Cornwall.
Kart som viser Cornwall.
Kart som viser Cornwall.
Wikimedia Commons: Cornwall

Cornwall (kornisk Kernow) er eit grevskap i England i Storbritannia, som utgjer den sørvestlege halvøya i landet. Det grensar i nord og vest til Atlanterhavet, i sør til Den engelske kanalen og i aust til Devon ved elva Tamar. Saman med Isles of Scilly har Cornwall litt over ein halv million innbyggjarar. Administrasjonssbyen i grevskapet er Truro.

Området vart fyrst busett i steinalderen og det har halde seg folk her framover til keltarane i jernalderen. Det er få spor etter romarane vest for Exeter, så det er ikkje gjort mange funn etter dei i Cornwall. Cornwall vart seinare ein del av det keltiske området Dumnonia, som vart fråskild Wales etter slaget ved Deorham. Dei var ofte i strid med det engelske kongedømet Wessex før kong Athelstan i 936 sette grensa mellom engelskmennene og det korniske folket ved Tamar.[1] I dag kjempar Cornwall med økonomiske nedgangstider på grunn av nedgang i gruvedrift og fiske, og har i større grad vorte avhengig av turisme. Området er kjent for lyngheilandskapet, den lange og varierte kystlina, og det milde klimaet.

Cornwall vert rekna som ein av «dei keltisk nasjonane» av mange folk frå Cornwall.[2][3][4][5][6][7][8] Cornwall har ein særeigen kulturell identitet, skapt av historia og moderne bruk av det tidlegare utdøydde korniske språket.[9] Somme folk i Cornwall ynskjer større sjølvstyre i Storbritannia.[10]

Mên-an-Tol.

Cornwall har vore busett sidan slutten av den siste istida. Området var busett av keltarar, og det keltiske språket deira utvikla seg med åra til kornisk.[11] Cornwall vart fyrst nemnt av den sicilianske greske historikaren Diodorus Siculus (ca. 90 fvt.-ca. 30 fvt.)[12], som nemner at handelsmenn vitja området. Kven desse var er ukjent, men det finst teoriar om at dei kan ha vore fønikarar.[13]. Etter ein periode under Romarriket, kom området tilbake til dei sjølvstendige keltiske hovdingane.

På 700-talet kom Cornwall i strid med det veksande kongedømet Wessex, men ein veit lite om Wessex utøvde noko kontroll over Cornwall i denne tida.[14]. Rundt 880 hadde anglosaksarane frå Wessex klart å få fotfeste i dei austlege delane av Cornwall.[15]

Cornwall er kjend for den kuperte kystlinja og strendene her

Etter at normannarane tok England vart det meste av Cornwall overført til det nye bretonsk-normanniske aristokratiet, særleg Robert av Mortain, halvbror til kong Vilhelm og den største landeigaren i England etter kongen.[16]

Etter kvart vart dei normanniske landeigarane bytt med ein ny kornisk-normannisk elite. Desse familiane vart dei nye herskarane over Cornwall og mange vart involverte i Stannary-parlamentet, jarledøma og til slutt hertugdøma.[17]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Stenton, F. M. (1947) Anglo-Saxon England. Oxford: Clarendon Press; s. 337
  2. «Celtic League - Kernow branch - Information». Celtic League website. Celtic League. 2009. Arkivert frå originalen 31. mai 2009. Henta 17. november 2009. 
  3. «Cornish Stannary Parliament Archives - Documents - UNITED NATIONS RECOGNISES CORNISH IDENTITY». Cornish Stannary Parliament website. Cornish Stannary Parliament. 6. juli 2008. 
  4. «Mebyon Kernow - The Party for Cornwall - BETA». Mebyon Kernow website. Mebyon Kernow. 2007. 
  5. «About RTÉ- RTÉ Awards». RTÉ website. RTÉ. 13. januar 2009. 
  6. «Cornish Branch». Celtic Congress website. Celtic Congress. 29. november 2006. Arkivert frå originalen 16. juni 2009. Henta 17. november 2009. 
  7. «BBC - Irish - Tionchar na gCeilteach». BBC Northern Ireland website. BBC. 24. april 2009. 
  8. «Welsh Assembly Government - Celtic countries connect with contemporary Cymru». Welsh Assembly Government website. Welsh Assembly Government. 13. mai 2008. Arkivert frå originalen 29. juli 2020. Henta 17. november 2009. 
  9. «The Cornish Språk Development Project - Evaluation - Final Report, s. 20». Hywel Evans, Aric Lacoste / ERS. Henta 17. september 2009. [daud lenkje]
  10. «Blair gets Cornish assembly call». BBC. 11. desember 2001. 
  11. Payton, Philip (1996). Cornwall. Fowey: Alexander Associates. ISBN 1-8995-2660-9.  Google Books)
  12. Halliday, F. E. (1959) A History of Cornwall, London: Duckworth, ISBN 1-84232-123-4, s. 51.
  13. Halliday, s. 52.
  14. Pre Norman Conquest Cornwall, arkivert frå originalen 14. desember 2009, henta 17. november 2009 
  15. Keynes, Simon; Lapidge, Michael (tr.) (1983), Alfred the Great: Asser's Life of King Alfred and other contemporary sources, London, Penguin Books, s. 175; cf. ibid, s. 89
  16. Williams, Ann og Martin, G. H. (2002) (tr.) Domesday Book - a complete translation, London, Penguin, s. 341-357
  17. Payton (1998) Cornwall, s. 100-108


50°18′N 4°54′W / 50.3°N 4.9°W / 50.3; -4.9