Wiltshire
Utsjånad
Wiltshire | |||
grevskap | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Sørvest-England | ||
Areal | 3 485 km² | ||
Folketal | 455 500 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt grevskap og sameint styresmakt | ||
Wiltshire 51°18′N 1°54′W / 51.3°N 1.9°W | |||
Kart som viser Wiltshire.
| |||
Wikimedia Commons: Wiltshire |
Wiltshire (forkorta Wilts) er eit Seremonielt grevskap i Sørvest-England. Det grensar til grevskapa Dorset, Somerset, Hampshire, Gloucestershire, Oxfordshire og Berkshire og omfattar den sameinte styresmakta Swindon og dekkjer 3 485 km².[1] Den gamle administrasjonsbyen var Wilton, men sidan 1930 heldt grevskapsrådet til i Trowbridge.
Wiltshire er kjend for høge graskledde bakkar og vide dalar. Salisbury Plain er kjend for Stonehenge som ligg her og andre gamle landemerke. Dette er òg det viktigaste treningsområdet til den britiske hæren.
Byen Salisbury er kjend for den gamle katedralen og viktige gods som er opne for ålmenta, som Longleat, nær Warminster og National Trust sitt Stourhead, nær Mere.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wiltshire» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.wiltshire.gov.uk/lca-December[daud lenkje] 05-chapter-7.pdf