Karl Bartos
Karl Bartos | |||
Karl Bartos (1976). | |||
Fødd | 31. mai 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Berchtesgaden, Tyskland | ||
Opphav | Tyskland | ||
Aktiv | 1974 til i dag | ||
Sjanger | Elektronisk musikk Synthpop | ||
Instrument | Perkusjon, Synthesizer, Vokal | ||
Tilknytte artistar | Kraftwerk (1975–1991) Elektric Music Electronic | ||
Plateselskap | AudioVision SPV Columbia/SME Records Atlantic Records | ||
Verka som | Musikar | ||
Prisar | Człowiek ze Złotym Uchem |
Karl Bartos (fødd 31. mai 1952) er ein tysk musikar og låtskrivar. Mellom 1975 og 1990 spelte han i lag med Wolfgang Flür elektronisk perkusjon i electronicagruppa Kraftwerk. Han vart opphavleg teken med for å spele på den amerikanske delen av Autobahn-turneen. I tillegg til å spele perkusjon, skreiv han musikk for Man-Machine, Computer World og Electric Café og song solovokal på sistnemnde.
Bartos, som var fødd i Berchtesgaden i Tyskland, forlét gruppa i 1990, visstnok fordi han var frustrert over at det gjekk for treigt då Ralf Hütter og Florian Schneider i aukande grad hadde vorte perfeksjonistar.
I 1992 starta Bartos Elektric Music. Dette nye prosjektet gav ut eit Kraftwerk-liknande album kalla Esperanto i 1993, og det meir gitarbaserte Electric Music i 1998. I mellom desse to albuma samarbeidde Bartos med Bernard Sumner og Johnny Marr på Electronic sitt Raise the Pressure i 1996 og skreiv songar i lag med Andy McCluskey på både Esperanto og Orchestral Manoeuvres in the Dark sitt Universal. I 1998 produserte han eit album for det svenske synthpopbandet Mobile Homes.
I 2003 gav han ut synthpopalbumet Communication under sitt eige namn. I mars 2011 gav han ut Mini-Composer, som var ein applikasjon for iPhone der ein kunne lage musikk. 15. mars 2013 kom albumet Off the Record.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Med Kraftwerk
- 1975: Radio-Activity
- 1977: Trans-Europe Express
- 1978: Die Mensch-Maschine
- 1981: Computer World
- 1983: Tour de France (singel)
- 1986: Electric Café
- 1991: The Mix (lydprogramming)
Med Elektric Music (now Elektrisk Music)
- 1992: Afrika Bambaataa and The Soulsonic Force - Planet Rock (Classic Mix)
- 1993: Esperanto
- 1998: Elektrisk Music
Med Electronic
- 1996: Raise the Pressure
Som Karl Bartos
- 2000: "15 Minutes of Fame" (singel)
- 2003: Communication (album)
- 2004: "Camera Obscura" (singel)
- 2013: Off the Record (album)
Unreleased
- 1994: 2nd proposed Elektric Music album (Most of the songs were performed at Elektric Music's Virtua Summer Tour in 1994).[1]
- 2007: Moebius Redux – Ein Leben in Bildern / Une vie en images / A Life in Pictures (original soundtrack)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 18. januar 2003, henta 18. januar 2003