Konspirasjonsteori
Utsjånad
Konspirasjonsteori er ein type teori om at ein konspirasjon eller samansverjing står bak ei hending, eller har samansverja seg for å få ei skjult makt i samfunnet. Konspirasjonsteoriar vert gjerne sett fram i opposisjon til den offisielle versjonen av ei sak, og er sjeldan stadfest av ei styresmakt. Konspirasjonsteoriar kjem gjerne med uverifiserbare svar på spørsmål om kompliserte saker, og kan ha mykje til felles med vandrehistorier.