John F. Kennedy
John Fitzgerald Kennedy | |||
| |||
President i USA | |||
Periode | 20. januar 1961–22. november 1963 | ||
---|---|---|---|
Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
Fødd | 29. mai 1917 i Brookline i Massachusetts | ||
Fødestad | Brookline | ||
Død | 22. november 1963 i Dallas i Texas | ||
Dødsstad | Parkland Hospital | ||
Mor | Rose Kennedy | ||
Far | Joseph P. Kennedy | ||
Ektefelle | Jacqueline Bouvier Kennedy | ||
Sambuar | Marilyn Monroe, Inga Arvad, Gene Tierney, Gunilla von Post, Judith Exner, Mary Pinchot Meyer, Marlene Dietrich, Mimi Alford, Pamela Turnure, Florence Pritchett, Kay Stammers, Angie Dickinson, Jeanne Carmen, Frances Ann Cannon | ||
Barn | John Fitzgerald Kennedy jr., Patrick Bouvier Kennedy, Arabella Kennedy, Caroline Kennedy | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences American Legion Veterans of Foreign Wars | ||
Føregangar | Dwight D. Eisenhower | ||
Etterfølgjar | Lyndon B. Johnson |
John Fitzgerald Kennedy (29. mai 1917–22. november 1963), òg kalla «JFK» eller «Jack» Kennedy, var ein amerikansk politikar for det demokratiske partiet i USA) og president i USA frå 1961 til 1963. Han var nummer 35 i rekkja over presidentar og den første katolske presidenten i landet. John F. Kennedy vart drepen i eit attentat.
John F. Kennedy var fødd i Brookline i Massachusetts i USA. Han var son av Joseph Kennedy og bror til Robert Kennedy og Edward Kennedy. Han gifta seg med Jacqueline Bouvier Kennedy den 12. september 1953.
Presidenten vart drepen under ei offisiell vitjing til Dallas i Texas den 22. november 1963). I høve granskingskommisjonen etter mordet, den såkalla Warrenkommisjonen, var han myrda av Lee Harvey Oswald. Oswald skal ha skote fleire skot mot Kennedy frå eit bygg i Dallas. Andre granskarar har kome til at fleire må ha vore med i alle høve på planlegginga. I ettertid er det sett fram ymse konspirasjonsteoriar knytt til mordet på Kennedy.
Kennedy var som president mellom anna ansvarleg for forsøket på å invadera Cuba via Grisebukta i 1961. Året etter var den såkalla Cubakrisa.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Facts and Fiction in the Kennedy Assassination Arkivert 2005-04-03 ved Wayback Machine.
Føregangar Dwight D. Eisenhower |
President i USA 1961–1963 |
Etterfylgjar Lyndon B. Johnson |