Lengdehopp
Lengdehopp eller lengdesprang er ei grein innan friidrett som går ut på å hoppa så langt ein kan i eitt hopp. Lengdehopp med tilløp går ut på å hoppa lengst mogleg etter å ha sprunge og teke sats frå ein planke. Dette er ei internasjonal øving som kan vera ei eiga tevling eller del av mangekamp - i tikamp for menn og sjukamp for kvinner. Stille lengde går føre seg innandørs utan tilløp, og er ikkje ei internasjonal øving.[1] Lengdehopp er kjend frå den greske olympiaden, og har vore med i dei moderne olympiske leikane sidan dei blei innstifta. Ei liknande øving er tresteg.
Rekordar
[endre | endre wikiteksten]Verdsrekorden i lengdehopp for menn er 8,95 m. Denne blei sett av Mike Powell i VM i friidrett 1991. Han forbetra då Bob Beamon sin verdsrekord på 8,90 m frå OL i Mexico i 1968. Rett før verdsrekord-hoppet til Powell hoppa Carl Lewis 8,91 m, men med for mykje medvind til at hoppet kunne bli godkjend som verdsrekord. For kvinner er rekorden 7,52 m. Denne blei sett av Galina Tsjistjakova i Leningrad i 1988.
Noregsrekorden for lengdehopp er 8,02 m. Denne blei sett av Kristen Fløgstad på Bislett den 4. august 1973. Per juli 2015 er dette den eldste individuelle noregsrekorden i friidrett. For kvinner er rekorden 6,68 m. Denne blei sett av Margrethe Renstrøm under EM i Barcelona den 27. juli 2010. Renstrøm slo då sin eigen rekord på 6,64 frå noregsmeisterskapet i 2009, då ho utraderte den 41 år gamle norske rekorden til Berit Berthelsen på 6,56 meter frå Bislett den 10. september 1968.[2]
Verdsrekordutvikling
[endre | endre wikiteksten]Menn
[endre | endre wikiteksten]Lengde (m) | Namn | Land | Dato | Stad |
---|---|---|---|---|
7,61 | Peter O'Connor | GBR | 05.08.1901 | Dublin |
7,69 | Edward Gourdin | USA | 23.07.1921 | Cambridge |
7,76 | Robert LeGendre | USA | 07.07.1924 | Paris |
7,89 | William DeHart Hubbard | USA | 13.06.1925 | Chicago |
7,90 | Edward Hamm | USA | 07.07.1928 | Cambridge |
7,93 | Silvio Cator | HAI | 09.09.1928 | Paris |
7,98 | Chuhei Nambu | JPN | 27.10.1931 | Tokyo |
8,13 | Jesse Owens | USA | 25.05.1935 | Ann Arbor |
8,21 | Ralph Boston | USA | 12.08.1960 | Walnut |
8,24 | Ralph Boston | USA | 27.05.1961 | Modesto |
8,28 | Ralph Boston | USA | 16.07.1961 | Moskva |
8,31 | Igor Ter-Ovanesjan | URS | 10.06.1962 | Jerevan |
8,31 | Ralph Boston | USA | 15.08.1964 | Kingston |
8,34 | Ralph Boston | USA | 12.09.1964 | Los Angeles |
8,35 | Ralph Boston | USA | 29.05.1965 | Modesto |
8,35 | Igor Ter-Ovanesjan | URS | 19.10.1967 | Mexico by |
8,90 | Bob Beamon | USA | 18.10.1968 | Mexico by |
8,95 | Mike Powell | USA | 30.08.1991 | Tokyo |
Kvinner
[endre | endre wikiteksten]* : Godkjent som verdsrekord gjennom den internasjonale idrettsorganisasjonen for kvinner FSFI, før Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) registrerte verdsrekordar for kvinner.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bryhn, Rolf. (2011, 25. august). Lengdehopp. I Store norske leksikon. Hentet 1. juli 2015 fra https://snl.no/lengdehopp.
- ↑ 1. august 2009: friidrett.no Hoppet inn i historiebøkene
- Denne artikkelen bygger på «Lengdehopp» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juli 2015.