Lentini
Utsjånad
Lentini er ein by og ein kommune i provinsen Siracusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 24 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 215,8 km².
Landbruk er hovudnæring i Lentini, med ein del typar handverk og møbelproduksjon som viktige binæringar.
Nordvest for Lentini ligg Lentinivatnet, største innsjøen på Sicilia. Innsjøen, som ligg nær ved havnivået, er 10,3 km² vid og ned til 1,6 meter djup.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Leontini, som staden heitte tidlegare, var opphavleg busett av sikelar frå det austlege Sicilia. Frå 729 f.Kr. vart Leontini kolonisert av khalkidiar frå kolonien Naxos. Under den andre puniske krigen vart byen i 215 f.Kr. erobra av Romarriket.
Sofisten Gorgias var frå Lentini.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lentini» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2014.